Meny

Dagsturhytter i heile Vestland for betre folkehelse

Nye Vestland fylke er eit eldorado for alle som set pris på naturopplevingar og friluftsliv ved sjøen, i skogen og i fjellet.

I eit oppslag på bt.no 28.02.19 vert Sogn og Fjordane sitt prosjekt med dagsturhytte i kvar kommune presentert. Hordaland fylkeskommune gir støtte til merking og graderding av turstiar. Begge prosjekta har som formål å få fleire til å nytte seg av naturen. Senterpartiet støttar fullt ut tiltak som bidreg til at fleire vert fysisk aktive og kjem seg ut på tur. Det fører til betre folkehelse. Dagsturhytter i heile Vestland er difor ein viktig del av friluftsliv- og folkehelsepolitikken til Senterpartiet.

Dagsturhytter er ein suksess mange stader i Sogn og Fjordane. Satsinga på dagsturhytter er eit resultat av ynsket om å få fleire i fysisk aktivitet. Friluftsliv er lågterskeltilbod som bidreg til betre folkehelse. Dagsturhyttene er gode turmål og møteplassar som får fleire i alle aldrer ut på tur. 

Tal frå Helsedirektoratet viser at berre kvar femte vaksne nordmann tilfredsstiller tilrådingane for fysisk aktivitet. Ei Norstat-undersøking utført for Aktivitetsalliansen i 2014 viste at 94% av dei spurde meinte at fysisk aktivitet er viktig for å ta vare på eiga helse. Vidare svara 65% at dei ynskjer tursti i nærleiken av bolig/jobb. Forskning viser òg at turar i naturen gir færre bekymringar og mindre stress. Nærleik til merkte turløyper og tilbod om ei dagsturhytte i kvar kommune i heile Vestland vil vere viktige bidrag til betre folkehelse. For Senterpartiet er det viktige at friluftslivspolitikken er eit samarbeid mellom frivillige og det offentlege.

Friluftsråd, grendalag, idrettslag og privatpersonar gjer allereie ein kjempeinnsats for å leggje forholda til rette for friluftsliv og aktiv bruk av naturen. Senterpartiet ynskjer å halde fram dette arbeidet og meiner at kommunar og fylkeskommunar framleis skal vere ein aktiv medspelar i friluftslivssatsinga. Ein nøkkel til å lukkast med prosjekt som dagsturhytta er at òg kommunane er med og saman med idrettslag finn god plassering for turhytta slik at ho vert nytta. Det er òg kommunane som må stå for vedlikehald.

Dagsturhytta er eit friluftslivstiltak som fungerer. Saman med merkte turstiar vil dagsturhytter få fleire i fysisk aktivitet, noko som igjen vil bidra til betre folkehelse. Difor ynskjer Senterpartiet å utvide ordninga med dagsturhytter til heile Vestland.

 Jon Askeland,1. kandidat fylkestinget Vestland Sp

Jenny Følling, 3. kandidat fylkestinget Vestland Sp