Meny

- Ferjeavgangane er sikra

- Dette er ei svært viktig sak som me er veldig glade for å ha fått på dagsorden. Nå gler me oss også over at Arbeidarpartiet vil bli med i fleirtalet om å sikra ferjeavgangane, seier Jon Askeland, fylkesordførarkandidat i Vestland Sp.

 

Frå tidleg måndag morgon aksjonerte Vestland Senterparti på ei rekkje ferjestrekningar i Sunnhordland.  Partiet har heile vegen vore klokkeklare i si sak: Sp aksepterer ikkje at omlegginga til elektriske ferjer skal gå på kostnad av pendlarar i distrikta. Folk skal fram, ferja skal gå.

Måndag ettermiddag melder Arbeidarpartiet at dei vil bruka midlar frå regjeringa sin nye bompengeavtale til å oppretthalda ferjefrekvensane som i dag.

Dermed vil det etter alle solemerke bli eit stort fleirtal for at ferjefrekvensen vidare blir oppretthaldt som i dag, når saka skal handsamast i fylkesutvalet på fredag.

- Me registrerer at Arbeidarpartiet vil vera med i fleirtalet for å oppretthalda frekvensen, og det er me veldig glade for. Nå er det også viktig at fylkesordføraren pressar på regjeringa for at ferjefylket skal få sin del av potten av bompengepakken, seier Askeland.

Les meir om Senterpartiet sin ferjeaksjon her!