Meny

Sigbjørn Hauge om NTP på landsmøtet

Etter å ha fått servert frå regjeringa og støttepartia lekkasjar frå NTP kan ein undra seg på korleis det endelege forslaget vil sjå ut.

Eit eksempel: Når fyrste kandidatane i Hordaland for regjeringspartia og støttepartia kan stå på Arna stasjon og leggja fram ei Nedprioritering i forhold til forslaget frå fagetatane, for ein sikker jernbane og veg E16 mellom Arna og Voss som ei satsing,  kan ein vel frykta det verste. Dette er ein strekning som i 2015 hadde meir stenging en dei mest utsette høgfjellsovergangane på grunn av ras 300 i talet sidan år 2000, og ein jernbane frå 1883 som på enkelte strekningar har ein fartsbegrensning på 40 km/t.  Det er også den mest brukte vegen og einaste jernbanen mellom dei to største byane i Noreg. Men kunne altså ikkje prioriterast inn no. Verst av alt er at ministeren har uttalt fylgjande:

Vi er i gang med E16 Arna-Voss. Nå lages byggetegninger, veien må bli bedre. Vi kan ikke vente til etter 2023 med å komme i gang, slik de rødgrønne partiene planla.E16 mellom Voss og Bergen ble kåret til en av de viktigste veistrekningene som må utbedres. Mange er utålmodige etter tiår med venting og brutte løfter. Jeg også. Glad for at H/FrP regjeringen nå gjør en forskjell.

Dette er det endelege svaret: Utsett til etter 2024 og ikkje fullfinansiert jernbane. Og berre for å understreka, det var samferdselminister frå SP som sette i gang KVU for denne strekkja og det var no berre for regjeringa å ta ballen men NEI. Dette må SP prioritera når me kjem i regjering. Dette var eit eksempel, eg er redd for at dette blir eit av mange. I Hordaland gjeld i alle fall dette mange tiltak på viktige vegar.

Liv og helse tel visst lite i NTP samanheng, midlar til rassikring ser det ut til at det blir for lite av i forhold til kva som trengs, og dette vil truleg gå mest utover fylkesvegane i landet som har mange av dei mest utsette strekkjene. Blant anna i Hardanger og elles i Fjord Noreg der reiseliv er ei viktig distriktsnæring. Det har vore ein fin auke innan for reiseliv det siste året, men nokon av dei som no driv innanfor næringa får uroande tilbakemeldingar. På grunn av stengde vegar og usikker regularitet står dei i fare for å bli utestengde når reiseselskapa planlegg sine turar. Dette syner kor viktig sikre vegar er for distrikta.

Desse eksempla er vel ikkje overraskande, prioritering for sentraliseringa til regjeringa og støttepartia er også melodien i NTP. Slik vil me ikkje ha det, midlane må aukast og dei må prioriterast også i forhold til liv og helse, og fordelast meir i heile landet. Dette vil sjølvsagt vera heilt naturleg for SP i regjering å prioritera, for me vil at det skal gå ann å få utvikling og bu i heile landet ikkje berre i eit triangel rundt Oslo.