Vil styrke samferdsel og kommuneøkonomi
Senterpartiet prioriterer eit kraftig løft i samferdsel og infrastruktur i sitt alternative statsbudsjett, der partiet også føreslår betydeleg auke i overføringar til kommunar og fylkeskommunar. 205 millionar ekstra er føreslått til kommunane i Hordaland.
Senterpartiet prioriterer å styrke satsinga på fylkesvegar og rassikring i sitt alternative statsbudsjett: Satsinga på fylkesvegar skal styrkast med til saman 1 milliard kroner. Samstundes er det føreslått totalt 100 millionar kroner meir til rassikring av riksvegar, og 200 millionar kroner meir til rassikring av fylkesveier.
- Etterslepet på fylkesvegane og behovet for rassikring er prekært. Regjeringa har ikkje vist vilje til å bruke pengar på å rette på dette, til trass for at fylkeskommunane over fleire år har ropt et varsko, seier Nils T. Bjørke, Stortingsrepresentant for Sp.
Samstundes tar partiet til orde for eit kraftig løft av den digitale infrastrukturen og føreslår
244 mill. kroner meir enn regjeringa til breidbandutbygging i dei delane av landet der det ikkje er kommersielt lønnsamt.
- Breiband er en heilt grunnleggjande infrastruktur på lik linje med innlagt vatn og straum. Fleire kommunar og fylkeskommunar brukar mykje pengar på breidbandutbygging, fordi dei ser det er viktig for både busetjing og næringsutvikling. I tillegg er det helt naudsynt for å kunne auka bruken av ny teknologi. Diverre ser me at regjeringa ikkje prioriterer slik utbygging, og at dei offentlege tilskota totalt sett blir for små. For at alle husstandar skal få tilbod om breidbandshastigheit på 100 Mbps trengst det ei offentleg støtte på mellom 8,6 og 11,2 mrd. kroner. Det betyr at den offentlege støtta må aukast, seier Bjørke.
Senterpartiet har også valt å prioritera ei betydeleg styrking å av dei frie inntektene til kommunane og fylka.
Partiet føreslår auke i kommuneramma med 2,5 milliardar kroner og fylkeskommuneramma med 1,9 milliardar kroner. Det ville bety 205 millionar kroner meir til Hordalandskommunane, og 435 millionar kroner meir til Vestland fylkeskommune.
- Kommunar må få betre rammer til å drive og prioritere både gode barnehagar, skular, barnevern , eldreomsorg og andre tenester. Me prioriterer også 500 millionar kroner til ambulanse, fødetilbod og lokalsjukehus. Samstundes doblar me satsinga på fastlegar, og gir midlar til 400 nye allmennlegar i spesialisering i 2020. Det vil bety mykje for både store og små kommunar, seier Stortingsrepresentant Kjersti Toppe.
- Rekordmange kommunar har innført eigedomsskatt i den perioden Frp har sete med finansministeren. Regjeringa sin politikk har ein stor del av skulda for dette. Kommunane har ikkje fått tilstrekkelege overføringar til å dekke utgiftene sine. Resultatet har vore at rekninga blir lagt over på innbyggjarane. Den beste måten å få vekk eigedomsskatt på er å auke overføringane til kommunane, slik at dei kan gjere naudsynte investeringar og tilby gode tenester til innbyggjarane utan eigedomsskatt. Auka overføringar til kommunar og fylkeskommunar er avgjerande for at dei skal kunna gi dei grunnleggjande tenestene folk treng i kvardagen, påpeikar Toppe.
Satsingar særskilt aktuelle for Hordaland i Sp sitt alternative budsjett:
- Auke tilskotet til breibandutbygging med til saman 244 mill. kroner
- Styrkje satsinga på fylkesvegar med til saman 1 mrd. kroner
- Satse på klimavenlege ferjer og båtar, til saman 200 mill. kroner
- Meir pengar til rassikring av riksvegar, til saman 100 mill. kroner
- Auke satsinga på hamner (bl.a. fiskerihamner) og farleistiltak med 200 mill. kroner
- 40 mill. kroner for å redusere billettprisane og styrkje rutetilbodet på kortbanenettet
- Sikre postombering fem dagar i veka heile året, til saman 249 mill. kroner
- Styrkje tiltak for å overføre gods frå veg til sjø, 50 mill. kroner
- Auke investeringane på jernbana med til saman 100 mill. kroner
- Oppstartsmidlar til Voss-Bergen K5, 75 mill. kroner
- Auke støtta til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn med 5. mill. kroner
- 1 mill. kroner til Fyllingsdalen teater
- Behalde føringstilskotet for å sikre fiske langs heile kysten, til saman 18 mill. kroner
- Frivillige kriminalitetsførebyggjande organisasjonar, inkl. 5 mill. kroner til RøverRadioen
- Styrkje pendlarfrådraget med 460 mill. kroner
- Reversere ordninga med at ferje og bom skal reknast med i maksimalsatsen på reise
- Redusere grunnrenteskatten til 36 prosent
- Redusere kapitaliseringsrenta i eigedomsskatten for kraftverk til 3 prosent
- Auke finansieringa til høgskulane og dei nye universiteta over fleire postar
- Innføre tilskot for etablering av desentraliserte studietilbod og tilskot for å oppretthalde ein desentralisert studiestadstruktur
- Innføre tilskot til språkdeling av klasser på ungdomsskulen, til saman 10 mill. kroner
- Tilskot til produksjonsskular, til saman 15 mill. kroner
- Auke tilskotet til regional forsking, m.a. gjennom å auke tilskotet til dei regionale forskingsfonda med til saman 11 mill. kroner
- Redusere vegbruksavgifta med høvesvis 35 og 15 øre, til saman 800 mill. kroner