Meny

Nominasjon Vestland Senterparti

Vestland Senterparti hadde nominasjonsmøte i Bergen 23. november 2019. Jon Askeland frå Radøy vart samrøystes vald som Senterpartiets fylkesordførarkandidat. Askeland er i dag ordførar i Radøy. På dei neste plassane kom Aleksander Øren Heen (Årdal), Jenny Følling (Gaular), Sigrid Brattabø Handegard (Jondal) og Hilde Horpen (Årdal – Senterungdomen). 

-Senterpartiet har som mål å få den første fykesordføraren i det nye Vestland fylke seier Askeland.  -Med eit godt lag, ein god valkamp og hardt arbeid framover meiner eg dette er ei realistisk målsetting.  Vi har ein politikk som nærast er spesialtilpassa utviklinga i det nye Vestland fylke, vi har moglegheitene og no vert det opp til oss.  Det har vore stor skepsis til fylkessamanslåinga i Sp, men ingen skal tvile på at ikkje vi er innstilt på å bygge Vestland til den beste fylkeskommunen i landet å bu i.  Det som blir viktig for Sp er å sjå heile det nye fylket og eg vil vere tydleg på at vi treng ei positiv utvikling frå Etne i Sør til Stad i nord, frå øyane i vest og til fjellheimen i aust. 

 

Askeland vil også understreke at han synst Senterpartiet har fått til ei svært god liste.  -Her finn vi massevis ar politisk røynsle, her er gode kandidatar frå heile fyket, her er fremadstormande ungdomskandidtar, her er masse med kunnskap og klokskap.  Vi er rett og slett eig godt lag!  Vi har store moglegheiter og eg gler meg til å kome i gang med arbeidet fram mot valet avsluttar Askeland.