Vestlandet er ei kraftmaskin for verdiskaping i Noreg. Her finst fiskeri og havbruk ytst mot storhavet, verdsleiande industribedrifter i fjordbygdene, reiseliv som tek pusten frå folk, og jordbruk som held oppe matproduksjon i bratte bakkar og frodige dalar. Ressursane ligg der dei ligg – dei kan ikkje flyttast til Oslo eller sentraliserast til større byar.
Verdiane i Noreg blir skapte i verkstadhallane i industribygdene, på fiskebåtane i stormkast og på gardane der folk har teke vare på jorda i generasjonar. Skal dette halde fram, må vi sikre grunnleggande tenester som skule, sjukehus og politi der folk bur, og gje næringslivet trygge, føreseielege rammevilkår.