Meny

Kontrakta er broten!

Årsmøtet i Gloppen Senterparti meiner at føresetnadane for ei uønska regionreform no er dramatisk endra. Vi ser no at det som var sagt skulle vere ei demokratireform med overføring av oppgåver til lågare folkevald nivå med omlag 10 regionar, no har blitt ei kostnadsbombe med lite oppgåver, større avstand mellom folk og folkevalde, fleire heiltidspolitikarar og lite midlar til å gjennomføre reforma.  

Nye Vestland fylke må spare inn ein halv milliard på tenestene frå dag ein, samstundes som byråkratiet veks. Innbyggjarane og elevane i den vidaregåande skulen må betale rekninga. Vi fryktar at det som vi tydeleg åtvara mot, med ei sentralisering av tenester, no slår til over heile landet.

Føresetnadane som både Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune la til grunn knytt til oppgåveoverføring og om lag ti regionar, er ikkje til stades. Etter fylkestingsvalet i haust, ser vi at både Viken og Troms og Finnmark er regionar som vert oppløyste ved eit nytt stortingsfleirtal om to år. Vert dette ein realitet, er heller ikkje vilkåra for samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til stades. Gloppen Senterparti krev då at fylkessamanslåinga vert oppløyst.

Ved oppløysing av dei nye fylka ved eit nytt stortingsfleirtal som trur på lokal folkevald styring, må det også skje ei reell oppgåveoverføring til fylka for å styrke det regionale folkevalde nivået.