Meny

Ordførar Leidulf Gloppestad sitt innlegg i budsjettdebatten i kommunestyremøtet 19. desember, 2018.

Ordførar, gode kommunestyre.

Det går mot jul og for oss kommunepolitikarar er arbeid med kommunebudsjett ei av mange juleførebuingar vi skal gjennom. Det er vel sterkt varierande kor hyggeleg ein synes dette arbeidet er, og kva spelerom ein føler vi politikarar har, men som Jensemann syng i Prøysen si julevise, medan han arbeider på julegåva mor si, «at det er en nyttig ting kan ingen komme fra.»

Eg må starte også i år med budsjettprosessen. Dette har kvart år vore eit tilbakevendande tema, og eg må seie at sjølv om året i år er betre enn i fjor, og vi er kome eit stykke på veg, er det framleis å gå på for å ha god politisk involvering.

Prosessen startar tidlegare no enn før, og det er bra. Det vil i framtida vera naudsynt at administrasjonen også arbeider med dette gjennom heile året, på ein anna måte enn tidlegare. Både for å følgje opp vedteke budsjett, men også for at vi skal kunne møte utfordringane i driftsbudsjettet vårt i tida som kjem. Vi treng det med omsyn til auken av eldre, både heimebuande og dei vi ha på våre omsorgsinstitusjonar, men ikkje minst om vi skal løyse utfordringane med drift av det nye omsorgsbygget som vi skal bygge, og som heilt sikkert vert tema seinare i debatten.

Likevel meiner eg ikkje at kvar tilsett skal gå rundt og ha eit økonomispøkelse over seg kvar einaste dag. Dei skal gjere det dei er best på, å gje gode tenester, men øvste administrative leiing, må arbeide systematisk og kontinuerleg med dette gjennom heile året, slik at ein også politisk kan nytte kvartalsrapportar og kommunestyremøtet i juni, slik formannskapet legg opp til i si innstilling, til å gjere styringsgrep dersom dette skulle vere nødvendig. Dette er heilt nødvendig for at samspelet mellom administrasjon og politikarar skal fungere optimalt.

Det kan av og til sjå ut som om det har danna seg eit bilde, både politisk og administrativt, av at det i kommunen er «oss og dei». Anten det kjem til ordinær politisk behandling i utval, eller i økonomi- og budsjettarbeid. Dette er ufruktbart og unødvendig. Vi er alle på same lag og mi klare oppfatning er at både politisk og administrativt ser vi dei same utfordringane og leitar -  av og til saman og av og til kvar for oss, etter dei beste løysingane, men vi skal alle til same endestasjon. Dette er viktig å huske på for oss alle.

Det er det fjerde og siste budsjettet dette kommunestyret skal vedta. Det har vore fire utfordrande budsjett og fire spenstige budsjett. Fire budsjett, som i all hovudsak og i sum har vist at kommunestyret i Gloppen har ei felles forståing for utfordringar og utviklingsmoglegheiter.

Eg vil også påpeike og takke kommunestyret for den ryddige debatten og det gode politiske klima vi har. Sjølvsagt er det usemje, og ulikt syn på tidsbruk, kor mykje ulike investeringar hastar, og enkelte prioriteringar, men likevel held ein seg til ryddige debattar og respekt for ulike meiningar, slik at vi samla driv oss framover. Det vil eg at kommunestyret skal ta til seg.

Vi ser til stadigheit korleis den offentlege debatt vert øydelagd av personhets og offentleg skitkasting. Vi har eit ansvar ovanfor kvarandre i denne sal, men også ovanfor innbyggjarane våre å syne at meningsbrytning kan skje utan uthenging, mobbing og trakassering. Dette er spesielt viktig med tanke på barn og unge. Deira sine vanar, haldningar og språkbruk kjem på grunn av noko. Ingen er fødd med eit sett haldningar og eit ferdigdefinert vokabular.

Deira haldningar og deira språkbruk kjem i frå ein stad. Vi som vaksne må forstå at vi er rollemodellar på alt. Og sørge for at dette ikkje kjem i frå oss. Om ordføraren skal ha eit ynskje for det nye året, så måtte det vere dette.

I valkampen for snart fire år sidan, vart Gloppen kommune som tilflyttarkommune nr. 1 i Nordfjord, lansert for fyrste gong. Ordføraren er veldig nøgd med å registrere at ikkje berre har dette blitt tatt opp og etablert seg i nær alle politiske parti, men også administrativt har dette vore eit viktig styringsverktøy. Det er eit hårete mål. Veldig hårete. Det er heller ikkje noko som er gjort over natta.

Det krev planlegging. Planlegging for kvar veksten skal kome, planlegging for kor byggefelt og tomter skal etablerast. Det krev kapasitet i skular og barnehagar, og det krev samordning slik at ein ikkje veks seg ut av huset. Det krev tilrettelegging med gang- og sykkelvegar. Det krev opparbeiding av næringsareal og tilrettelegging av infrastruktur slik at heile kommunen kan fylle visjonen til kommuneplanen sin samfunnsdel om Gloppen midt i verda.

Det krev kort sagt, planverk og samordning av desse slik at skulebruksplanen, bustadsosialplan, områdereguleringsplan i Sandane sentrum, plan for veg og trafikktrygging, breibandsplan, helse- og omsorgsplan, plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, og alle andre tenesteplanar styrer i lag og i same retning. Eg vil gje ros til administrasjonen generelt og planavdelinga spesielt for at dette skjer.

Så kan det vere verdt å dvele litt ved statistikken. Ser ein i fylkesspegelen, som hentar sine tal frå SSB og les tilflyttinga til kommunane i fylket ut i frå denne, så ligg Gloppen kommune samla sett i frå 2007 og fram til 2017 blant dei fremste i fylket. I Nordfjord er vi totalt sett, om ein legg saman alle åra, som nr 2. Berre slått av Stryn. Vi ligg til dømes 100 personar føre våre naboar i Eid, målt i netto tilflytting. Ser vi isolert for 2017 er Gloppen i netto tilflytting desidert størst i Nordfjord, så eg vil påstå at det hårete målet er oppnåeleg!

Kvifor har eg leita fram desse tala? Gloppen er og har vore lenge ein kommune som vert sett på og lagt merke til. Vi er ein kommune som folk trivast å bu i og det vert lagt merke til. Unginfo som er ei undersøking fylkeskommunen har blant ungdom i fylket, syner at både ungdomsskuleelevane våre, men også elevane ved Firda vidaregåande, seier Gloppen er den kommunen det er mest sannsynleg at dei vil busetje seg i i framtida. Det er sterkt med tanke på at Firda vidaregåande er einaste vidaregåande skulen med elevar frå heile fylket og med 70 prosent av elevane på hybel.
I tillegg har vi Nordfjord folkehøgskule. Ein folkehøgskule som sender i frå seg 135 gloppeambassadørar kvart år. Det er ikkje få som bur i Gloppen i dag, som har gått på skulen, har komme her for å arbeide på skulen, eller er bror, syster eller venn med nokon som har gått der.

Det er viktig at vi å vår fortviling og våre til tider framtredande budsjettdepresjonar hugsar på dette, og framleis finn rom for å prioritere kulturen, frivilligheita og desse, kvar for seg små tiltaka, sett opp i mot dei store og tunge sektorane, slik at vi også frå kommunen si side støttar opp om kvaliteten og støttar opp om dei som leverer den - frå Firda og kulturskulen til spelemannslag, seniordans og 4H.

Eg også rette blikket mot regjering og sentrale styresmakter som legg råmene for vårt utviklingsarbeid. I Gloppen har budsjettprosessen vore krevjande, også i år. Til tross for at vi i opplistinga frå statsbudsjettet vart fremja som ein av vinnarar i fylket, noko vi antakeleg skal vere glade for!

Så er det likevel påfallande å sjå kor like dei er, utfordringane kommune-Norge no står i. Utfordring med fleire pleietrengande eldre, utfordring med å ta i mot pasientar som vert utskrivne frå sjukehus, utfordringa ved at desse vert fleire og fleire, og sjukare og sjukare. Staten skal spare pengar, helseføretaka skal kutte sine kostnadar og kommunane sit igjen med rekninga til slutt. Den som kom på at sjukehusa og føretaka skulle drivast etter ein forretningsidé, synest kanskje dette var og moglegvis også framleis er ein god ide, men han får ikkje julekort frå ordføraren i Gloppen!

I sum er mantraet at oppgåvene og tenestene kommunane har og skal levere, vert fleire og fleire samstundes vert råmene trongare og trongare. Utfordringane kan ein heller ikkje sentralisere vekk eller slå seg saman i frå. Det ser vi også frå dei kommunane rundt oss som har valt dette. Folk bur der dei bur, tenestene og oppgåvene må løysast der dei er. Vi treng politikarar som ser kva retning dette er i ferd med å gå i og vi treng politisk handlekraft i regjering som sørger for at dette endrar seg. Det er mogleg vi får ei ny regjering etter nyttår, eg håpar ein ny konstellasjon kanskje kan medverke til at vi ikkje berre bremsar, men endrar retninga.

Vi var kanskje litt som Jensemann i sangen til Alf Prøysen, som eg nemnde innleiingsvis, klare for å snekre eit «sybord med mange skuffer i» i julegåve. Så viste materialane vi fekk at dette ikkje let seg gjere. Vi har brukt dei verktøya vi har og etter mi meining har vi brukt dei godt og forstandig. Så er eg også trygg på at dei vel 400 millionane vi i dag skal fordele til drift neste år, gjer oss i stand til å yte tenester kvar dag, som gjer at vi er mykje nærmare sybordet enn spekefjøla til Jensemann.

God debatt!