Meny

Slå på bremsene, Jon Georg Dale!

 Årsmøtet i Gloppen Senterparti gjev full støtte til grunneigarlaget på Byrkjelo og Gloppen kommune sine krav om at vegstandard på E39 Byrkjelo-Grodås må ned til enklare standard som den nye parsellen Bjørset–Skei lenger sør på E39. Det vil gje tenleg veg både for gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk. Det som no er viktig å få til, er ei samordna vegplanlegging heilt til Skei, at jordvernet får ein høgare verdi og at ein legg vekk planar om ein ny vegtrasè for E39 på Byrkjelo.

Dagens planar vil legge 100 da matjord under asfalt, og samstundes setje 500 da matjord frå Bergheim til Egge, og framtida til mange yrkesaktive bønder, i spel.

Stortinget har eit uttalt mål om å auke norsk matproduksjon og å bremse opp nedbygging av dyrka jord. Samstundes har Samferdsledepartementet, ved statsråd Jon Georg Dale, klart gjeve utrykk for at ein må bygge enklare og smartare for å få meir veg for kvar vegkrone. Årsmøtet i Gloppen Senterparti meiner E39 Byrkjelo-Grodås, slik dette vegprosjektet står fram i dag, bommar på samtlege punkt.

Det er sterkt behov for eit skikkeleg løft for store delar av E39. Lat det vere ingen tvil om det. Vårt fylke og her i Gloppen er heller ikkje noko unntak frå dette. Samstundes er det viktig at ein i sin iver etter å bygge framtidsretta veg, ikkje gløymer at den same vegen ikkje berre er ein gjennomfartsveg, men at ein også treng vegsystem som tener lokal- og regionaltrafikk. Dette har ein lukkast godt med å samordne andre stadar, som til dømes i Jølster ved Bjørset-Skei.

Breim er den største jordbruksbygda i Gloppen. Det er mange bønder som får næringsgrunnlaget og framtida som matprodusent øydelagd med dei planane Statens vegvesen ber Gloppen kommune ta stilling til. Byrkjelo, Bergheim, Gåsemyr og Egge er også grender med avgrensa areal og det er ikkje plass for to vegar gåande parallelt gjennom denne dalen.

 Årsmøtet i Gloppen Senterparti krev at Samferdsledepartementet ser på retningslinjene for ferjefri E39 på nytt, og endrar desse, slik at vegbygginga vert i tråd med Stortinget sitt mål om auka norsk matproduksjon, bremse nedbygging av dyrka jord og bidreg til å nå eigne uttalte ynskjer om å bygge meir veg for mindre pengar.