Meny
Jon Rikard Kleven og Åslaug Sem-Jacobsen svarar Høgre-representantar

Luftambulanse og redningshelikopter som resten av Sør-Noreg

Svar til Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen

I VTB 21. oktober held stortingsrepresentantane for Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen fram polemikken om at vi ikkje treng luftambulanse i vårt område fordi det er redningshelikopter som flyr raskare enn tidlegare.  motsetnad til representantane frå Høgre meiner vi at dette området i Noreg fortener det resten av dei som bur og oppheld seg i Sør-Noreg har: Base for luftambulanse med god responstid, og redningshelikopter for dei oppdraga det har.

 

 

I VTB 21. oktober held stortingsrepresentantane for Høgre Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen fram polemikken om at vi ikkje treng luftambulanse i vårt område fordi det er redningshelikopter som flyr raskare enn tidlegare. 

I motsetnad til representantane frå Høgre meiner vi at dette området i Noreg fortener det resten av dei som bur og oppheld seg i Sør-Noreg har: Base for luftambulanse med god responstid, og redningshelikopter for dei oppdraga det har. Vi har tidlegare hatt redningshelikopter på Rygge og Sola for å løyse redningsoppdrag. Det at det kjem nye helikopter endrar ikkje på at vi har redningshelikopter. Dei har eit anna primæroppdrag enn luftambulansen. Det er elles interessant å sjå på faktum: I Helseforetaka sin rapport frå 14. februar 2018, s. 71 går det fram at redningshelikopteret på Sola ikkje har hatt eit einaste luftambulanseoppdrag i Vinje i perioden 2014-2016 (tidsrommet rapporten tek for seg). Det har heller ikkje hatt luftambulanseoppdrag i nokon andre av kommunane i Telemark. Då er det lite interessant for dei som blir ramma av alvorleg helsesvikt eller skadd alvorleg i ei ulykke at Høgre i lesarinnlegget visar til ein offentleg rapport om at redningshelikoptera i Noreg fløy 1000 luftambulanseoppdrag i 2019.

Luftambulansen flyr 345 oppdrag pr. år til dei aktuelle kommunane i dette området, og diagnosen til 50% er livstrugande, jfr. Rapporten frå Helseforetaka. Vi meiner tryggleiken til både innbyggjarane og hyttefolket i og rundt Vinje like viktig som for folk elles i landet. Vi kjem til å jobbe vidare for å få på plass ein base for luftambulansen i tillegg til kapasiteten redningshelikopter har.      

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (SP)

Ordførar Jon Rikard Kleven (SP)