Gå til hovedinnhold

Føreslår lågare ferjeprisar

Nils T Bjørke og Liv Signe Navarsete_4

– I store delar av Vestland er mange heilt avhengige av å nytta ferjer i kvardagen. Med dagens regjering har ferjeprisane skote i været. Nå må staten sørga for lågare prisar for alle som må bruka sjøvegen i dagleglivet. 

Det seier Nils T. Bjørke og Liv Signe Navarsete, Stortingsrepresentantar for Sp. Dei er begge blant forslagsstillarane i Senterpartiet som har fremja ei rekkje framlegg for å betra tilboda og redusera prisane på ferje og båt i heile landet. 

– For folk langs kysten er ferja og båten like viktig som buss, trikk og t-bane er i Oslo. Difor kan me ikkje akseptera at vanlege familiar ikkje har råd til å komma seg på jobb, skule og fritidsaktivitetar på grunn av altfor høge båt- og ferjeprisar, seier Bjørke.

Senterpartiet sitt forlag omfattar mellom anna å redusera forskotssummen for innbetaling til Autopass for ferje, og utgreiing av makspris for båt og ferjebillettar.  

–  Regjeringa har ikkje prioritert kystfylka, og prisauken for ferjene er eit resultat av dette. Regjeringa har pålagt fylka enorme investeringar i nye båtar og ferjer, utan å kompensera for det. Taparen blir då folk langs kysten som må betala skyhøge billettar. Staten må på banen med midlar slik at ein får lågare prisar for alle som er avhengige av sjøvegen i kvardagen, seier Navarsete.   

Bjørke og Navarsete påpeikar også at det nå er på høg tid at staten tar ansvar for å redusera prisen på båt og ferjer. 

–   Regjeringa kjem med fagre ord om samferdselspolitikk og lovnadar om store summar til tog og veg på det sentrale Austlandet. For folk i distrikts-Noreg er utsiktene heller dystre: Solberg-regjeringa strammar inn på fylkesøkonomien og lukkar augene for alt som heiter ferjer og båt i distrikta. Om ikkje det blir snarleg regjeringsskifte fryktar me at dette vil bety vanskelegare tider for distrikta, seier Bjørke.  

Framlegget er fremja av Siv Mossleth, Marit Arnstad, Geir Adelsten Iversen, Sandra Borch, Liv Signe Navarsete, Jenny Klinge og Nils T. Bjørke. 

Her er forslaget frå Senterpartiet: 
•    Stortinget ber regjeringen innrette kriteriene for finansieringen av båt- og fergedrift slik at fylker som har ansvar for denne delen av infrastrukturen, kan utvikle gode tilbud basert på rimelige billettpriser.
•    Stortinget ber regjeringen legge fram forslag til en finansieringsordning som innebærer at staten fullt ut tar merkostnaden ved klimaomstilling av fylkenes hurtigbåt- og fergetrafikk. Ordningen må fange opp både gjennomførte og kommende tiltak.
•    Stortinget ber regjeringen utrede en nasjonal maksimalpris for båt- og fergebilletter, hvor staten fullt ut kompenserer fylkenes inntektstap ved innføring av en slik ordning.
•    Stortinget ber regjeringen sette ned forskuddsbeløpet for innbetaling til AutoPASS for ferge til samme beløp som kostnad for depositum for AutoPASS-bombrikke.