Meny
Bli medlem
Ungt fokus og mobil satsing i eit krevjande budsjett

Ungt fokus og mobil satsing i eit krevjande budsjett

- Situasjonen er krevjande, men me leverer i tråd med den politiske plattforma vår. Me reduserer kutta, og gjer tydelege prioriteringar for ungdom og innan mobilitet. 

Publisert: 19.11.2020 #Hordaland#Sogn og Fjordane#Vestland

Samarbeidspartia i Vestland,  Sp, Ap, MDG, KrF, Sv og V legg i dag fram sitt forslag til budsjett i finansutvalet. Budsjettet blir endeleg vedteke på fylkestingsmøtet i desember. 

- I ei tid der ungdommane våre har hatt stor belasting som følgje av Covid 19, vel me å prioritera Vestland sine unge i dette budsjettet. Budsjettet er stramt, men den politiske prosessen har likevel redusert kutta i fylkesrådmannen sitt framlegg. Det har gitt rom for vidareføring og satsing innan oppvekst.

Samarbeidspartia går mellom anna inn for:

  • Felles ungdomskort i heile Vestland. Kortet blir billigare i heile fylket, og aldersgrensa blir utvida eitt år i Sogn og Fjordane til og med 20 år.
  • Vidareføring av eit variert utdanningstilbod i heile fylket, ein opprettheld produksjonsskulane og TAF/YSK-linjene.
  • Vidareføring av  ordninga med skulepsykologar, miljøkoordinatorar og skulefrukost
  • Fleire traineestillingar og fleire lærlingar i fylkeskommunen
  • Satsing på auka gjennomføring på yrkesfag og fleire ut i lære.
  • Større fokus på korleis Vestland kan betra tilhøva for hybelbuarar gjennom bruk av miljøkoordinator eller andre sosiale tiltak.

- Me vidarefører satsinga på mobilitet og digital infrastruktur i hele Vestland, både i bystrøk og i distrikta, med føreslår mellom anna:

  • Styrking av kollektivtilbod i Bergen, med redusert pris på månadskortet (sjå eiga pressemelding)
  • Vidareføring av midlar til trafikksikring
  • Eit betydeleg løft på fylkesvegane, og monaleg auke til dekkelegging samanlikna med fjoråret
  • Raskare utbygging av breiband,  og bruk av deler av overskotet frå 2020 til breibandutbygging

Tilskotsordningar til born, unge og til inkluderingsarbeid blir oppretthaldt, og samarbeidspartia er tydelege i si prioritering av idrett og kultur i heile Vestland, og føreslår mellom anna:

  • 2 millionar kroner til U23 EM i friidrett, og 1,3 millionar kroner til idrettscampus Bergen.
  • Utviklingstilskotet til lokale folkebibliotek blir styrka
  • Ein million til kunst og kulturstipend, og 7,2 millionar til kunst og kulturutvikling
  • Å vidareføra museumsløftet 

Samarbeidspartia sitt framlegg til budsjett har ein tydeleg miljø- og klimaprofil, med desse satsingane:

  • Det blir innført klimabudsjett for å nå målet om nullutslepp i 2030 i heile fylket. Dersom ein ikkje føl måla ved å visa til utslepp og kutt årleg, vil dette visa tydeleg i klimabudsjettet/rekneskapen
  • 40% av plastbruken skal kuttast på tre år og skape verdikjeder knytt til resirkulering av plast. 
  • Vidareføring av støtta til friluftsråda sitt arbeid med å rydda strendene i Vestland.

Samarbeidspartia styrkar også  budsjettet på næring med 2,4 millionar. Dette omfattar heva kompetanse på fiskeri og utvida læreplassgaranti.