Meny
Bli medlem
Viktige strakstiltak for ungdomar

Viktige strakstiltak for ungdomar

Publisert: 03.03.2021 #Hordaland#Vestland#Sogn og Fjordane

-Koronapandemien har ført til at fleire opplever einsemd og psykiske plagar.  Unge og aleinebuarar er dei som slit mest.  Vestland fylkeskommune tek no tak for å motverke dei negative konsekvensane koronapandemien har hatt for ungdomar, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Vestland fylkeskommune sin rekneskap for 2020 syner eit overskot 215,8 millionar kroner.  Fylkesutvalet i Vestland tilrår at Fylkestinget i mars disponerer delar over mindreforbruket på tiltak retta mot unge:

  • Inntil 12,9 mill. kr. for å redusere talet på elevar med «ikkje vurdert» eller stryk.
  • Inntil 20 mill. kr. på strakstiltak for å motverke effektar av koronapandemien for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring knytt opp mot psykososiale tilhøve.

-Nedstenginga av samfunnet har vore vanskeleg for mange ungdomar.  Mindre sosial kontakt med vener og reduserte moglegheiter for fritidsaktivitetar har hatt negative konsekvensar for den psykososiale helsa.  Me veit at ungt utanforskap allereie er ei stor utfordring for samfunnet, dette har vorte forsterka av koronapandemien, held Askeland fram.

-Me gjer ei sjeldan straksdisponering av overskotet frå 2020.  Dette fordi me så sterkt vil hjelpa våre unge elevar og lærlingar til å fullføre si utdanning.  Dette er ei hjartesak for Senterpartiet og det er gledeleg med brei politiske samlinga i saka.  Ungdom er «ferskvare», og avgangselevane/lærlingane står under pandemien i utfordringar som få eller ingen andre årskull har møtt.

-Ved å løyve desse midlane no viser Vestland fylkeskommune at me tek den psykiske helsa til unge og ungt utanforskap på alvor.  Målretta tiltak retta mot elevar og lærlingar vil motverke konsekvensane av korona og bidra til inkludering.  Det fortener ungdomane våre, avsluttar Jon Askeland.

Fylkesutvalet si innstilling skal vidare til Fylkestinget for endeleg vedtak.