Over 180 senterpartistar var samla på Stord 14.-15. februar. Dermed blei det skrive historie – aldri før har fylkeslaget hatt større årsmøte.
- Rekordmange utsendingar og gjester deltok dette året. Etter det gode valet opplever me eit utruleg giv både i fylkeslaget og dei 25 lokallaga våre. Me har tatt leiinga i Vestland, med fylkesordførar frå Senterpartiet, og nytta ein stor del av årsmøtet til å drøfta korleis me ønskjer at fylke skal utvikla seg i framtida seier, seier leiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones.
Dei over 180 Senterpartistane som møtte omfatta lokallagsleiarar, gruppeleiarar og utsendingar frå mest alle Senterpartiet sine lokallag i Hordaland, fylkestingsrepresentantane i Vestland, sju Sp-ordførarar, Sp sine Stortingsrepresentantar i Hordaland og fleire heidersmedlemmer og gjester.
Blant dei var Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Talen hans til årsmøtet kan du sjå her!
Det blei sendt inn over 40 innspel til fråsegner i forkant av årsmøtet. Av dei blei desse handsama og vedtekne:
- Reform for desentralisering
- Ubåten ved Fedje må hevast
- Vestlandet må få sin del av infrastruktur-investeringane
- Grøn omstilling for framtida - Vestlandet skal bli verdas grønaste havregion
- Ferjer og framtidsveg
- Klimakur lokalmat er ein del av klimaløysinga!
Og slik såg programmet ut:
Fredag 14. februar
- 13.30-14.30: Innsjekk, registrering, og litt å bita i
- 14.30: Møtestart, praktisk info, opprop og konstituering
- 14.50:
- Tale ved fylkesleiar Jostein Ljones
- Tale ved Stortingsrepresentant Kjersti Toppe
- 15.15: Evaluering av valet ved/ Steinulf Tungesvik i evalueringsnemnda
- 15.30: Framlegg av resolusjonar: Resolusjonsnemnda si innstilling
- 16.00: Tale ved Trygve Slagsvold Vedum
- 16.30: Debatt
- 17.15: Pause
- 17.30: Generaldebatt
- 19.00: Møte slutt
- 20.00: Middag og fest
Laurdag 15. februar
- 07.00-09.00: Frukost
- 09.00:
- Tale frå gruppeleiar i fylkestingsgruppa, Aleksander Øren Heen
- Tale ved Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke
- 09.20: Verdiskaping og bærekraft i Vestland
- Innleiing ved tidlegare regiondirektør i NHO Vestland, Tom Knudsen
- Framtidsverkstad og gruppearbeid
- 10.45: Pause/utsjekk
- 11.30: Lunsj
- 12.30: Helsing frå Bondelaget og Nei til EU
- 12.40:
- Årsmelding og arbeidsplan
- Rekneskap og budsjett
- Innkomne saker
- Val etter lovene
- Handsaming av resolusjonar
- 15.00: Avslutning ved leiar
- Styremøte for Hordaland Sp