Meny

Vestlandet må få sin del av infrastruktur-investeringane

Fråsegn vedteken på årsmøtet 14.-15.februar.

Det er ikkje akseptabelt at det vert investert enorme summar på Austlandet, medan Vestlandet må ta til takke med gammaldags, farleg infrastruktur.

Det er ikkje akseptabelt at det vert investert enorme summar på Austlandet, medan Vestlandet må ta til takke med gammaldags, farleg infrastruktur. Det er ikkje starta eitt einaste større infrastrukturprosjekt i Hordaland under Erna Solberg. Alt som vert bygd hadde oppstartsløyve under Stolenberg-regjeringa; så lite er skapt dei siste 7 åra.

Jernbanen Bergen-Voss har strekningar som i 1883 med hastigheit på 40 km/t og er utsett for ras. E16 er prega av trafikkulukker, ras med langvarige stengingar og låg standard.  Hordaland Senterparti er også opptatt av å få realisert ferjefri E-39 for å styrke Vestlandsregionen.  Investeringar i E16, E39, E134, Rv 7 og Rv 13 er svært viktig for å skape arbeidsplassar og vekst i Noreg.

Fylkesvegane har og eit etterslep som på vedlikehald som må finansierast opp med statlege løyvingar, og vi ser at vi treng større statleg innsats for å sikre vegane mot ras.

Det er uansvarleg av Erna Solberg å ikkje realisera samferdsleprosjekt som reduserer utslepp og som kan heve standarden på vegar som truar liv og helse. K5 gir betydelege klimamessige miljøeffektar. E16 og Bergensbana Bergen-Voss er ryggrada mellom dei to største byane, men er sterkt flaum- og rasutsett. Med modernisering til K5 vil Bergensbanen bidra til meir gods på jernbane og berekraftig persontransport aust-vest og god distriktsutvikling for indre Vestland.

Arbeidet med reguleringsplanen for Arna - Stanghelle er i sluttfasen og er venta ferdig i august 2020. Sp krev at regjeringa prioriterer arbeidet med godkjenning av reguleringsplanen for strekninga og står ved sitt løfte om oppstart i 2022! Ved å bygga Arna – Stanghelle er ein halvveges på Vossabanen. Regjeringa gav i desember 2016 Statens vegvesen og Bane Nor i oppdrag å starta planlegginga av Arna – Stanghelle etter K5. Planlegginga skulle gå rett på reguleringsplan. Dette har gjeve etatane store utfordringar.

Ved å setja i gang planlegginga raskt kan ein starta ein normal planprosess der ein går vegen om kommunedelplan før ein startar arbeidet med reguleringsplan. Slik kan ein rydda vekk ein del utfordringar tidleg og arbeidet med reguleringsplanen vil gå fortare. Oppstart av planlegging Stanghelle-Voss kan gje raskare oppstart og tidlegare fullføring av prosjektet. Me kan ikkje venta i 17 år på trygg E16 og moderne jernbane.Senterpartiet krev at det vert løyvd pengar til kommunedelplan Stanghelle – Voss på statsbudsjettet for 2021!

Bergensbanen

Senterpartiet vil at ein skal kunne reise med tog Bergen – Oslo på 4 timar – frå sentrum til sentrum. 4 timarsmålet når ein ved å fullføra dobbeltsporet Bergen – Arna, og ved å byggja ny, moderne og dobbeltspora Ringerriksbane og Vossabane, samt mindre utbetringar over fjellet og gjennom Hallingdal.

Reguleringsplanen for Ringeriksbanen er ferdig og godkjend. KMD skulle sendt den til KS2 før sommaren 2019. Me er uroa for at dette vil føra til ny utsetjing av oppstart. Regjeringa lova oppstart i 2019. Dette vart skyvd på til 2021. Sentepartiet krev at regjeringa sørgjer for oppstart av Ringerriksbanen i 2021! Nye utsetjingar er ikkje akseptabelt

Statlege midlar til vedlikehald av fylkesvegar

Det meste av vegstrekningane i fleire av kommunane i landet er fylkesvegar. Etterslep i vedlikehald, utbetring og rassikring på desse vegane er så stort at fylkeskommunane ikkje har økonomi til å følgja dette opp. Dette går sterkt ut over tryggleiken for alle trafikantar. Dei dårlege og tildels trafikkfårlege fylkesvegane fører til at næringsliv og busetnad i distrikta vert hemma, noko som igjen fører til sentralisering og avfolking av deler av bygde-Noreg. Hordaland Sp ber om større statlege øyremerkte midler til vedlikehald av fylkesvegar.

Ei rekke av fylkesvegstrekningane i distrikta, er sårbare og ekstremt rasutsette. I desse områda, er vegen livsnerva i samfunnet, for å oppretthalde busetnad, næringsliv og arbeidsplassar. Rassikringsmidlar er øyremerka midlar frå staten, for å sikra desse utsette vegstrekningane. Utfordringa ligg i at dei kartlagde behova, ikkje er i samsvar med løyvingane. Dette gjer at ei rekke av dei prioriterte rassikringsprosjekta i fylket, står i fare for å ikkje bli realisert grunna manglande finansiering.

Senterpartiet sitt alternative budsjett for 2020, ville gitt Vestland fylkeskommune nær ein halv milliard i auka rammer til fylkesvegar. Ei slik satsing er naudsynt for å halda fram med det viktige rassikringsarbeidet, og det generelle vedlikehaldet av fylkesvegane.