Meny
2021 Solnedgang over veg, Måsøy i Finnmark

Livskraftig næringsliv med verdiskaping i heile landet

Små, mellomstore og store bedrifter utgjer grunnbjelken i verdiskapinga og sysselsettinga i Noreg. Privat eigarskap og privat initiativ er heilt sentralt. Næringspolitikken må bygge opp under og styrke grunnlaget for å bygge, drive og vidareutvikle eiga verksemd. Dei små og mellomstore bedriftene utgjer ein stor del av norsk næringsliv. Det er derfor spesielt nødvendig å gje desse bedriftene gode og rammevilkår.

Føreseielege rammevilkår, kapitaltilgang og tilgang på relevant kompetanse er viktig for utviklinga av verksemdene våre. Ein aktiv næringspolitikk handlar difor både om skatte- og avgiftsnivå, næringspolitiske verktøy med kapital og rettleiing, samt bygging av kunnskapsmiljø. Næringslivet skal oppleve kommunar og statlege etatar som medspelarar i næringsutvikling.

Landet vårt har naturlege fortrinn på mange områder. Målet er å sikre høgast mogleg verdiskaping og sysselsetting over heile landet. Norsk næringsliv er verdsleiande på fleire felt. Norske aktørar har gjennom tid bygd opp næringsklynger med kunnskap og produkt innan fleire viktige sektorar. Det må vere eit mål å styrke og vidareutvikle desse. Mange av dei framtidige arbeidsplassane bygger på idear, produkt og tenester vi ikkje kjenner til i dag. Det må difor finnast eit breitt spekter av verkemiddel som understøttar grunderar. Og det må leggast god til rette for at etablerte bedrifter kan drive utviklingsarbeid. For Senterpartiet er det viktig å sikre nasjonalt eigarskap i strategisk viktige verksemder og teknologiar.

Mangel på kompetent arbeidskraft vil bli ein av dei store utfordringane for det norske samfunnet framover. Alt frå fagarbeidarar til doktorandar er det stort behov for over heile landet, innanfor ein rekke disiplinar, og som grunnlag for utvikling av nye og eksisterande bedrifter. Noreg må derfor fortsatt auke kapasiteten i alle former for utdanning og sørge for at fleire grupper får tilgang på utdannings- og kvalifiseringstilbod, uavhengig av kvar ein bur og livssituasjon.

Tilgang på egna og varierte boligar har betydning for om folk etablerer seg og blir boande på et sted. Manglande tilgang på egna boligar, særleg i  distriktskommunar, hemmer rekruttering av arbeidskraft. Særleg næringsverksemd i distrikta opplyser at dette er en viktig årsak til deres rekrutteringsutfordringar, og dette viser at boligmangel rammer både bolyst og næringsverksemd på ein svært uheldig måte. Senterpartiet meiner difor Husbanken må ha eit tydeleg distriktspolitisk ansvar for å bidra til god tilgang på egna boligar. 

Norsk deltaking i arbeidslivet er relativt høg, men må bli høgare. Alt for mange står utanfor arbeidslivet, noko som er ei utfordring både for den enkelte, samfunnsøkonomien og bedriftene sin tilgang på arbeidskraft. Senterpartiet meiner det skal løne seg å arbeide, og vil satse på tiltak for å auke arbeidsdeltakinga i det norske samfunnet. Samtidig skal vi ta godt vare på dei som av ulike årsaker står utanfor.

Senterpartiet vil:

  • At det samla skatte- og avgiftsnivået for norsk næringsliv skal reduserast.
  • Auke botnfrådraget i formueskatten og redusere formuegrunnlaget for driftsmidlar.
  • Redusere kontroll og rapporteringsrutinar gjennom forenkling av regelverk og bruk av digitale verktøy, slik at bedriftene får bruke meir av tida si på verdiskapande arbeid.
  • Framleis ha ei sterk satsing på transport og kommunikasjon, for å redusere avstandsulemper og bygge landet saman. Herunder auka overføringar til fylkesvegar og betre rammevilkår for gods på sjø og bane.
  • Auke kapasiteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, og gje alle reell tilgang på utdannings- og kvalifiseringstilbod uavhengig av kvar ein bur og livssituasjon.
  • Innføre jobbskattefrådrag som ei forsøksordning for unge i dei delane av landet der arbeidsdeltakinga er lågast.
  • At kommunane skal vere ein viktig medspelar for lokalt næringsliv og må få større fridom til å tilrettelegge for verksemder gjennom m.a. arealforvaltning utan at ein opplever inngripen frå statlege etatar.
  • Gjenopprette den statlege støtten til kommunale næringsfond, slik at kommunen kan støtte grundarar og verksemder med utviklingsplanar.
  • Styrke fylkeskommunen si rolle som mobiliserande og koordinerande regional utviklingsaktør i tett samarbeid med kommunar og interkommunale politiske råd.
  • Bruke statlege garantiordningar for å legge til rette for norske verksemder som vil satse internasjonalt.
  • Styrke næringsretta forsking og utvikling.
  • Styrke velferdsordningane for sjølvstendig næringsdrivande.
  • Styrke Husbankens rammar og mandat blant anna for å gi kommunane mulighet til å bidra til fleire egna boligar i distrikta og for grupper kor behovet er stort.
  • At den viktige rolla desentralisert utdanning har for tilgangen på arbeidskraft i heile landet gjenspeiler seg i finansieringsmodellen for dei utdanningsinstitusjonane som tilbyr desentraliserte tilbod.