Meny
helsebygg---eldre---omsorg_26331484549_o

Norsk helsevesen og velferdsmodell må sikrast

Senterpartiet  har sidan innføringa av helseføretaksmodellen vore sterkt kritisk til korleis modellen styrer spesialisthelsetenesta. Helseføretaksmodellen set bedriftsøkonomi og målstyring øvst, medan Senterpartiet meiner at sjukehusa igjen må bli til for innbyggjarane og pasientane og vil gjennomføre konkrete endringar for å sikre demokratisk forankring i styring av sjukehusa, redusere marknadstenkinga og sikre fagleg skjønn, leiing og kultur.

Norge skal ha ein desentralisert sjukehusstruktur som sikrar beredskap, og gjev alle innbyggjarane forsvarleg og trygg behandling på sjukehus. I ein sterk, offentleg og solidarisk helseteneste er fagfolka sjølve nerven, og den ressursen me må ta best vare på. Norske sjukehus må organiserast slik at helsepersonell får bruka tida på pasientkontakt. Sjukehusa må byggast med nok kapasitet og rom til behandling og pleie, samtidig som dei må vera gode arbeidsplassar for dei som jobbar der. Ein ser at enkelte nye, store prosjekter har vokst og tek store delar av det økonomiske handlingsrommet. For å realisera ambisjonane i heile helseregionane må ein sjå på nedskalering av det som har blitt store prestisjeprosjekt på vegne av andre tilbod. Trygg økonomisk styring er det viktigaste vi gjer for å sikra det norske helsevesen og velferdsmodellen akkurat nå.

Kostnadane i helsetenesta aukar, og me får fleire eldre og sjuke, noko som utfordrar kapasiteten og styringa av tenestene. Styringa av sjukehusa er rammene for korleis me får eit godt og trygt spesialisthelsetilbod, og for at helsepersonell får utøvd si hjelp og behandling. I dag blir sjukehusa styrt gjennom ein føretaksmodell, med fire regionale helseføretak. Helseføretaka har ansvar og skal sørga for at alle innbyggjarane i dei ulike regionane får den behandlinga dei treng. Det er særleg press på eldre utskrivingsklare pasientar. Mange av desse pasientane er ikkje ferdigbehandla i sjukehuset, og har store behov for medisinsk og spesialisert oppfølging. Dette må løysast gjennom tydeligare ansvarsdeling mellom kommunar og sjukehus, med ei betre innretning av intermediære sengeplassar. Samhandlingsbehovet gjeld også i psykiatrien, der kapasitetsmangelen i helseføretaka skapar press på kommunane. Det vil være avgjerande å sikre nok boligar for personar med vedtak om heildøgns omsorg i kommunane framover, blant annet for å handtere antallet utskrivningsklare. Dette forutsettar at kommunane sikrast økonomisk forutsigbarhet for disse investeringane gjennom investeringstilskott, og at det følger midlar med nye oppgaver som gis.

Fleire av dei regionale helseføretaka slit med store økonomiske underskot. Den økonomiske modellen bidreg ikkje eller i liten grad til å sikra desentrale funksjonar og tilbod. Det er utfordringar med å halde på viktig fagpersonell, holde ventetider nede, og det må prioriterast mellom drift, vedlikehald av utstyr, nye investeringar og beredskap. Fleire stadar ser vi stengde fødeavdelingar, for få sjukehussenger, for høgt belegg og for korte liggetider. Høgt press på personalet resulterer i tap av fagpersonell med erfaring. Dei sosiale skillelinjene blir forsterka ved at talet på private helseforsikringar aukar, og private aktørar vinn fram i møte med pasienten.

Byggetrinn over heile landet har no blitt utsett fordi helseføretaka ikkje har nok midlar til å starta på naudsynt bygging. Paradokset er at slik den økonomiske styringa i dag er lagt opp, må sjukehusa spare inn på drift for å tena seg opp nok eigenkapital til investeringar. Dette går også utover nødvendig vedlikehald og innkjøp av medisin-teknisk utstyr. Gjennom pandemien har sjukehusa tent mindre og hatt høgare kostnadar. Arbeidspresset blir stadig større for fagpersonellet og den offentlege helsetenesta mister fagpersonell over til private tilbod og sjukehus. 

Senterpartiet meiner at vi i større grad må skilje mellom drift og investeringar slik at det ikkje må kuttast i drift for å gjera naudsynte investeringar i bygg og medisin-teknisk utstyr. Alle sjukehus skal ha stadleg leiing for å vere tettare på den daglege drifta, ha mindre byråkrati og ha tillit til å ta dei nødvendige grepa som skal til for å sikre god samhandling mellom det enkelte sjukehus og kommunehelsetenesta.

Derfor må også styra i dei regionale helseføretaka og i kvart enkelt helseføretak ha styremedlemmar som er vald inn av dei tilhøyrande fylkestinga. Styra i dei lokale helseføretaka skal ha representasjon frå kommunehelsetenesta/helsefellesskapa i opptaksområdet for å sikra den samhandlinga. Senterpartiet vil ha ei styring av sjukehusa der staten eig spesialisthelsetenesta, men med regional styring av ressursane. Me vil sikra demokratisk forankring i styring av sjukehusa, redusera marknadstenkinga og sikra fagleg skjønn, leiing og kultur i sjukehusa.

Vi må redusera innsatsstyrt finansiering til eit minimum, og sikra auka rammefinansiering. Ved å ha ei betre grunnbemanning vil ein kunne spare pengar på dyre vikarløysingar og gje fagpersonell meir forutsigbarhet. Helsepersonellkommisjonen peikte på at det vil bli mangel på helsepersonell. For å møte dette må vi både sikre at dei som jobbar i helsevesenet i dag blir verande og vi må få fleire helsefagarbeidarar inn att i spesialisthelsetenesta.

Gjennom ei forsterka og forbetra samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta vil ein kunne bruke midla på ein betre måte og i større grad sikre det norske helsevesen og den velferdsmodellen vi ynskjer å ha vidare. Behandling skal skje på lågast mogleg nivå og på rett nivå. Senterpartiet meiner at det er framtidsretta å utvikla fleire Lokalmedisinske senter, helsehus og andre regionale helseinstitusjonar for å ivareta behandling, rehabilitering og polikliniske tenester nær folk. Ved vesentlege endringar i sjukehusstrukturen må dette avgjerast av Stortinget i ein Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Framskriving av demografi, mangel på helsepersonell og kortare liggetid i spesialisthelsetenesta fører til at pårørande får meir ansvar og fleire oppgåver. Dette må løysast gjennom gode samhandlingsprosessar, god kunnskap om kva pårørande sjølv treng av støtte, samt avklaring av forventningar mellom partane. Senterpartiet vil vera pådrivar for at både samhandling, kunnskap og forventningsavklaring blir sett på agendaen og sikra gjennom klare mål og tiltak for pårørandearbeidet.

Det norske helsevesen må baserast på nærleik og likeverdig behandling for pasientar i heile landet. Velferdsmodellen vår må baserast på tillit mellom ulike nivå, mindre byråkrati, sikre fagleg skjønn og utvikle ein betre økonomisk modell enn den vi har i dag.