Det norske folk og næringsliv hadde trua på at Senterpartiet skulle rydde opp
I Rogaland har lokallaga og fylkeslaget gjennomført ein meget god valkamp. Eg vil sei betre enn for både 2, 4 og 6 år sidan. Den beste sidan eg vart fylkesleiar. Kandidatane har vore aktive i lokalsamfunnet og på sosiale media og verkeleg budd på seg sjølv. Dei har vist til sakene dei har fått gjennomført eller kjempa for i dei forrige 4 åra, og kva ambisjonar dei har for dei neste 4. Me hadde ordføraren i åtte kommunar, nå har me i seks. På fylket gjekk me frå 5 til 3 representantar. Ein skulle tru at det var oppskrifta på eit godt val, og i nokon kommunar har det vore det, som de høyrer.