Lokal legevakt, vern om matjord og bydelsstyra tilbake
Arnakandidat Linda Thunes og bystyrerepresentant Ove Sverre Bjørdal i intervju i Bygdanytt: - Linda ynskejr å arbeide for ein lokal legevakt. - Ei legevakt som ikkje berre skal vera for dei som bur i Arna, men nabokommunar utan ei eiga legevakt kan då kjøpa tenester frå legevakta i Arna, seier Linda.
??Nærleik til tenestene er utruleg viktig. Alle eldre i Arna bydel som treng sjukeheimsplass skal ha plass på Arna helseheim, dersom dei ønskjer det. Det same gjeld innan skule og barnehage. Vi veit at ein del foreldre har fått barnehageplass i ein annan bydel. Dekninga i Arna er for dårleg, så denne må aukast. Ikkje minst fordi det er ein del byggjeaktivitet i Arna, og talet på born er aukande, seier Thunes.