Meny

Eit budsjett som set mange kommunar i ein vanskeleg situasjon

Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) er ikkje imponert over statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. Bjørke meiner mange kommunar vil få tronge kår framover.

– Dette er eit budsjett som set mange kommunar i ein vanskeleg situasjon. Dei vil ikkje få nok midlar, samstundes gjev auka grunnrente på kraftverk lågare eigedomskatt. Når det også blir satt ei maks grense for eigedomsskatt, vil kommunane sitt handlingsrom bli redusert. Til sjuande og sist går det utover innbyggjarane og tenestene me alle treng, seier Bjørke.

Han er også kritisk til at folk som ferdast langs fylkesvegane må sjå langt etter betre veg.

– Det er bra med styrking av rassikring av riksvegar, men fylkesvegane, som er dei mest utsette i Hordaland, får ikkje noko auke. I valkampen vart det lova forsering av K5 Arna – Voss, men dette er heilt borte i statsbudsjettet og er eit av fleire løftebrudd frå regjeringa, seier Bjørke.