Meny

- Forsvaret gjer ein god jobb, men regjeringa nedprioriterer framleis landmakta

Under Forsvarssjefen si framlegging av Årsrapport for Forsvaret 2017 etterlet han ingen tvil om at Forsvaret gjer ein god og effektiv jobb under dei økonomiske råmer som er gitt. Likevel greidde ikkje Forsvaret å oppfylle måla som regjeringa og AP har lagt inn i Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) i 2017. Ei målsetjing Forsvarssjefen har åtvara mot, og som etter hans syn er nær umuleg å nå.

Navarsete om Årsrapport for Forsvaret 2017:

- Forsvarssjefen slo fast at det ikkje ligg inne midlar til å styrkje Hæren og Heimevernet i tråd med fleirtalsvedtaket regjeringa og Ap gjorde under handsaminga av Landmaktutgreiinga. Det er alvorleg, og saman med manglande framdrift i investering av stridsvogner gir det ikkje den opptrappinga som er naudsynt, spesielt i nordområda. No må regjeringa levere i Revidert Nasjonalplan, seier Liv Signe Navarsete, forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet.

Framleis er det heilt uvisst når helikoptera kan takast i bruk.

- Helikoptra NH-90 har vore eit trøysteslaust prosjekt.  Erfaringane med NH-90 gjer at Noreg i framtida må basere sine innkjøp i større grad på hyllevarer framfor skreddarsydde løysingar, seier Navarsete.

- At fregattane våre ikkje skal kunne ta i bruk helikoter før tidlagast i 2022, svekkjer sikkerheita i den ytre kystvakta. Men så har heller ikkje denne regjeringa vist at tryggleik langs kysten er høgt prioritert, seier Navarsete.

- Noreg står ovanfor store utfordringar i eit skiftande globalt maktbilete. Forsvaret må prioriterast, og det er utan tvil viktig å prioritere Noregs pliktar ovafor NATO og oppfylle 2%-målet innan 2024. Det er bra at kampflyprogrammet går som planlagt, men det må ikkje bli ei sovepute for regjeringa i høve heilt naudsynt prioritering av Hær, HV og helikopter til fregattane våre, avsluttar Liv Signe Navarsete.