Meny

Høgre-folk bagatelliserer om politi

Av Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Det er påfallande korleis folk frå regjeringspartia stadig overser følgjene av si eiga politireform. Haustens strategi blant justispolitikarane frå Høgre er tydelegvis å påstå at vi som er kritiske til politireforma driv med svartmåling. Dessverre tener desse påstandane frå Høgre mest til å bagatellisere reelle problem i politietaten. Dei nektar rett og slett å ta noko som helst ansvar for det som går føre seg i politi-Noreg, og skuvar alt av problem over på prioriteringar gjort av politiet sjølve.

Førebels er det Guro Angell Gimse og Peter Frølich som har vore indignerte over kritikken mot politireforma frå oss i Senterpartiet. Begge sit i justiskomiteen for Høgre. Gimse meiner det er useriøst av oss å dra inn politireforma når problem i politiet stadig dukkar opp i media. Ho presterer vidare å samanlikne politireforma med Post i butikk. «Det var kraftig motstand mot dette, men nå 17 år etter, blir dette suksesserklært», seier ho til ABC Nyheter.

Her er det jo noko som skurrar. Ei reform som handla om å leggje ned postkontor og opprette posttilbod i butikkar med (ofte) lengre opningstider enn dei tidlegare postkontora kunne tilby, er ein ting. Noko anna er det når over 120 lensmannskontor blir nedlagte. Den store avstandsauken mange stader blir ikkje kompensert verken med lengre opningstider eller meir bemanning på mange av dei gjenverande kontora. Og heller ikkje med ei monaleg auke i talet på politipatruljar. Alt dette skulle vi kunne forvente utifrå lovnader som regjeringspartia tidlegare kom med.

Post i butikk fungerer godt mykje fordi bruken av post har gått mykje ned. Behovet for å få politi på plass raskt oppstår no og då i heile landet. Då handlar det gjerne om liv og helse og om å sikre spor og verdiar. Det er såleis verdt å minne Gimse om at beredskap og folks tryggheit er viktigare enn postgangen.

Vi har stadig fått rapportar om at politireforma no i gjennomføringsfasen har ført til redusert tenesteproduksjon i politiet. Det er ikkje svartmåling når vi i Senterpartiet peikar på at ein del av denne reduksjonen truleg vil vare ved også i framtida. Lengre avstandar, mindre lokal førebygging og dårlegare kontakt mellom politiet og innbyggjarane i store delar av landet har sine konsekvensar. Det er verdt å merke seg når Bergensavisen på leiarplass skriv: «Klart Høyre må svare for fiasko-reformen.» Dessverre vil problema i politiet truleg berre auke i omfang medan Frølich, Gimse og regjeringa deira held fram med å bagatellisere.