Meny
Bli medlem

Karl Kristian Langeland tilsett som lagbyggjar i Sp

Sist endret: 27.09.2020

Karl Kristian Langeland, som no er mediarådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe, er frå 1. april tilsett for å leia arbeida med prosjektet «Lagbygging i Senterpartiet 2018 – 2019» i partiets hovedorganisasjon.

– Eg er svært glad for å få denne muligheita til å reisa rundt i Noreg for å styrkja partiets arbeid med å videreutvikla partiorganisasjonen. Eg håpar å kunna vera med å inspirera til lagbygging, seier Karl Kristian Langeland. 

– Tiltaka skal planleggjast og gjennomførast i nært samarbeid med fylkespartia og partiorganisasjonen for øvrig. Eit viktigt fokus er og å få fleire ungdomar aktivt med på lokal- og fylkesplan, i samarbeid med Senterungdommen, seier Langeland. Han hadde i valkampen i fjor sommar hovedjobben for planlegging og gjennomføring av bussturneen med partileiaren, som besøkte alle fylka på tre veker. Langeland var og trainee i Senterpartiet sommaren 2010, og har bakgrunn også som journalist i NRK.

Som lagbyggjar i Senterpartiet vil Karl Kristian Langeland ha ansvaret for å planlegge og gjennomføre tiltak med mål om å videreutvikle arbeidet i dagens lokallag og auke aktiviteten ved å skape gode møtearenaer med lokallag og medlemar. Ei viktig oppgåve vert å bidra til å etablera lokallag i kommunar der partiet ikkje har aktivitet no, og hjelpa til ved organisasjonsmessige endringar som følgje av samanslåingar av kommunar og fylke.