Meny

Like rettar til stønadar og helsetenester

Resolusjon vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 2018

Senterkvinnene ønskjer eit sterkt offentleg helsevesen som gjev tilbod til alle. Nærleik til helsetilbod på alle nivå er viktig. Gode gratis og universielle helsetenester er viktig for å motvirke sosiale forskjellar. Det er klare sammenhengar mellom økonomi, helse og arbeidstilknytning.

Senterkvinnene meiner helsetenester som inneheld tannhelse, og fysioterapi for kronisk sjuke, skada og multihandikappa med fleire skal sidestillast med annan helsebehandling etter lov om folketrygd.

Senterkvinnene meiner at:

● det må lovfestast at barnetrygda ikkje skal takast med i berekningsgrunnlaget for utmåling av livsopphold etter sosialtenestelova.

● kronisk sjuke, skada og multihandikappa må fritakast for å betale for fysioterapi sidan det er ei nødvendig helsehjelp dei er avhengige av.

● tannhelsetenestene skal dekkast av folketrygda på lik linje med andre helseutgifter.

● regelendringa regjeringa innførte fra 1. januar 2018 som inneber at alle over 18 år må betale eigenandel for rus- og psykiatriske tenester må takast vekk. Ordninga med fritak for eigenandel for alle under 30 år som får hjelp frå BUP må gjeninnførast, og utvidast til òg å gjelde DPS.

● det er viktig med god informasjon om ME-sykdom i alle ledd av samfunnet vårt

● det må forskast meir på ME. Difor må det prioriterast pengeløyvingar til nasjonal forsking.

● kommunane må settast i stand til å ta godt vare på ME-pasientar gjennom tilrettelegging av bustadar og støtteapparat som eignar seg for denne pasientgruppa.