Meny

Regjeringa sitt forsvarsbudsjett har kritiske manglar

Senterpartiet meiner det er positive trekk i Forsvarsbudsjettet som Regjeringa har lagt fram, men i det totale bildet det er kritiske manglar i Regjeringa sitt forslag, seier forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil fortsatt ikkje prioritere særskild helikopterstøtte til Hæren. Situasjonen er ikkje endra frå førre runde i revidert nasjonalbudsjett, og Hæren må bu seg på innleie av sivile helikopter, om Regjeringa får det som dei vil.

- Me har poengtert at dette ikkje er ei akseptabel løysing, og det øydelegg Hæren si moglegheit til å utøve prinsippet «train as you fight». Sivile helikopter kan ikkje brukast i krig, sidan det vil utfordre krigens folkerett. Difor blir det heilt feil at Hæren skal øve med ein kapasitet dei ikkje vil ha tilgjengeleg når det faktisk gjeld», seier forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

I tillegg kjem det også fram at dei ikkje vil kunne gjennomføre omstilling av 2 bataljon i 2019 sidan dette vil koste for mykje. Hæren manglar både naudsynt materiell og byggfasilitetar for at regjeringa kan gjennomføre planen sin om omlegging.

- Me har vore kritisk til å gjere 2 bataljon til ei mobilisert avdeling sidan dette vil svekke kampkrafta til Hæren. Etter saka førre veke kor Forsvarssjefen seier han ikkje vil gjere om avdelinga er det positivt at Regjeringa tar eit pust i bakken, men Senterpartiet meiner framleis at styrkinga i Finnmark ikkje kan gå på andre forsvarselement sin kostnad», seier Navarsete.

Regjeringa ynskjer å utsette innkjøpet av stridsvogner til etter 2025. Dette stadfestar det Senterpartiet har hevda sidan landmaktutgreiinga kom. Det kjem ikkje nye stridsvogner sidan regjeringa ikkje vil løyve midlar til det, sjølv om dei er villig til å investere i forlenging av dagens stridsvogner. Senterpartiet meiner me må prioritera bærebjelken i den gjeldande landmaktdoktrinen i langt større grad, og sikre innkjøp av nye stridsvogner til Hæren nå.

For Heimevernet sin del er det gledeleg at områdestrukturen vert prioritert i større grad, men samtidig kjem regjeringa med en stor vedgåing. Dei ynskjer å bruke 119 millionar på å kjøpe småbåtar, og maritimt sperremateriell. I tillegg vil dei bruke 10 millionar for at Heimevernets innsatsstyrkar skal innarbeide, ivareta og vidareutvikle naudsynt kompetanse i sjødomenet.

- Sjøheimevernet si årlege driftsutgift var 80 millionar kronar. Dette er ikkje noko anna enn ei innrømming på at nedlegginga av Sjøheimevernet var og er feilslått politikk, i følgje Navarsete.

Senterpartiet vil:

-          Sikre Hæren særskild helikopterstøtte.

-          Gjenopprette Sjøheimevernet.

-          Setja i gang prosjektet med innkjøp av nye stridsvogner til Hæren.

-          Sikre 2 bataljon som ståande avdeling, utan at det går ut over styrkinga i Finnmark.

-          Bevare Andøya flystasjon som base for P8 maritime patruljefly