Meny
Bli medlem

Rikke Håkstad ny generalsekretær i Senterungdomen

Sist endret: 27.09.2020

Rikke Håkstad er tilsett som generalsekretær i Senterungdomen med oppstart i juli.

Ho kjenner organisasjonen og senterrørsla godt, og fekk sine første verv i Senterungdomen i 2014 som både sentralstyremedlem og fylkesstyremedlem i Troms. I dag sit ho som kommunestyremedlem og gruppeleiar i Bardu, ho er internasjonal leiar i sentralstyret, politisk nestleiar i Troms Senterungdom og styremedlem i Nordiske Centerungdommens Forbund.

Frå ein oppvekst på gard i Bardu, som ho har odel på, og bachelorstudium i leiing, innovasjon og marknad ved Universitetet i Tromsø, står no hovudstaden for tur.

«Generalsekretærstillingen i Sentrungdomen er ei viktig rolle i organisasjonen. Med både glede og audmjukskap, ser eg fram til å ta fatt på arbeidet framover med å styrke organisasjonen og legge til rette for at både tillitsvalde og meinige medlemmar får opplæring og spelerom til å gjere seg sjølv og organisasjonen gode og førebudde til valet neste haust.»

Leiar i Senterungdomen, Ada Arnstad, gler seg til å samarbeidet med Rikke. «Senterungdomen, og heile senterrørsla, er i vekst og me ser fram mot valet i 2019 kor Senterungdomen vil spele ei viktig rolle i å sikre valsigeren i kommunar over heile landet. Eit stødig sekretariat med generalsekretæren i spissen speler ei viktig rolle i dette arbeidet, og eg er sikker på at Rikke er rett person for jobben!»

Karen Følgesvold, avtroppande generalsekretær, tek til med studiane att til hausten og ønskjer Rikke lukke til med jobben, og er glad for at ho har fått ein dyktig arvtakar.

Denne artikkelen ble først publisert 04.06.2018