Meny

Odd Erik Holden på topp for Øystre Slidre Senterparti

Nominasjonsmøtet i Øystre Slidre Senterparti valte ei liste med mange nye og unge kandidatar saman med meir erfarne lokalpolitikarar.

Odd Erik Holden (49) toppar lista og er Senterpartiets ordførarkandidat i Øystre Slidre. Han arbeider som rekneskapsførar/takstmann, har fleire periodar bak seg i kommunestyret og er gruppeleiar for Senterpartiet i dag. Odd Erik Holden kjenner kommunen svært godt, han har solid politisk erfaring og har alle føresetnader for å bli ein god ordførar for kommunen, uttalar lokalpartiet.

Nummer to på lista er Kristin Krogvold Fystro (29). Ho er gardbrukar, småbarnsmor og har eit stort engasjement for lokalsamfunnet sitt m.a. gjennom verv i FAU og barnehagestyre. Arnfinn Beito (54) har tredjeplassen på lista. Han er gardbrukar og driv bygdeservice, sit i kommunestyret i dag og er leiar i kontrollutvalet. På fjerdeplassen står Silje Døvre Roland (17). Ho har lært seg organisasjonsarbeid gjennom mange års deltaking i 4H og utdannar seg til helsefagarbeidar. Alle dei fire øvste på lista er kumulert.

 

Heile lista ser slik ut:

1. Odd Erik Holden, 2. Kristin Krogvold Fystro, 3. Arnfinn Beito, 4. Silje Døvre Roland, 5. Morten Steinsrud, 6. Tove Grethe Kolstad, 7. Magne Egil Mjøs, 8. Signe Skammestein, 9. Øyvind Lunde Christiansen, 10. Bjørg Kristin Skogen Opheim, 11. Tor Skattebo, 12. Magnhild Strand, 13. Tor Elliot Haugseth, 14. Kristine Skjærstein, 15. Ole Birger Skrebergene, 16. Jorunn Rogne Ekerbakke, 17. Ole Kristian Oldre, 18. Elisabeth Aasbakken, 19. Steinar Dahlen, 20. Inge Morten Holene, 21. Knut J. Melby, 22. Sissel Høyne, 23. Ove Bjørneseth.