Meny

Vår ordførarkandidat i Stavanger

Stavanger Senterpartis ordførarkandidat i valet 2019 er Dagny Sunnanå Hausken som bur på Rennesøy der ho òg er noverande ordførar. Ho er utdanna som agronom og sjukepleiar og gler seg til å jobba for å skapa gode tenester nær folk i heile Nye Stavanger!

Kvifor stiller du til val i år?

Eg stiller til valg fordi eg trur at eg med mine erfaringar frå Rennesøy, kan bidra til å gjera Stavanger til ein endå betre by å bu og leva i. Eg kan ta med meg smådriftsfordeler frå Rennesøy inn i Stavanger sine store fagmiljø. Eg er opptatt av at kommunen skal levera gode tjenester til folk der dei bur. Det eg brenn mest for er barn og unge sine oppvekstvilkår og helse og omsorgstilbodet i kommunen. Det same gjeld matproduksjon og jordvern.

Me ynskjer alle eit godt val! Hugs å nytta deg av røysteretten!