Stortingsvalliste 2017
Desse stiller til val for Sogn og Fjordane Senterparti ved Stortingsvalet 2017.
1. Liv Signe Navarsete, Lærdal Stortingsrepresentant og tidlegare statsråd. Senterpartiet sin politikk er som skreddarsydd for Sogn og Fjordane. Vil sikre god kommuneøkonomi for å vidareføre satsing på landets beste skular, gode helsetenester og trygg omsorg for våre eldre. |
|
2. Steinar Ness, Gaular Sjølvstendig næringsdrivande. Viktige saker er tryggleik og beredskap. Vi skapar gode lokalsamfunn over heile landet gjennom trygge rammer for kvardagslivet der folk bur. |
|
3. Sigurd Reksnes, Eid Bonde og fylkestingspolitikar. Viktige saker er samferdsel og næringssaker. Ein skal kunne bu og drive næringar i heile landet. |
|
4. Aleksander Øren Heen, Årdal Utdanna byggmeister, men jobbar som politisk rådgjevar på stortinget. Aleksander sine hjartesaker er samferdsel, næringsutvikling og breibandsutbygging. |
|
5. Gunn Åmdal Mongstad, Solund Ordførar og fylkestingspolitikar. Oppteken av ungdom, lokalmiljø og skule. Det er viktig med eit tett samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv. |
|
6. Karoline Bjerkeset, Gloppen Prosjektleiar og nestleiar i SP Sfj. Betre kommunikasjonar ,både veg og breiband, viktig for vidare utvikling for fylket vårt. |
|
7. Ruben Skrede, Jølster Ruben studerer økonomi og administrasjon i Bergen. Han engasjerer seg for mellom anna distriktsutvikling og skulepolitikk. |
|
8. Jofrid Rye Hestenes, Stryn Mellomleiar/controller på Hotel Alexandra og driv gardsbruk i Utvik. Leiar for Senterkvinnene i Sfj. Samfunnsengasjert, svært oppteken av distriktspolitikk ,næringsutvikling, oppvekstvilkår og landbruk. |
|
9. Kjetil Høgseth Felde, Fjaler Konsulent i programvarefirma og lokalpolitikar. Fylket vår må vere attraktivt å busetje seg i, difor viktig med gode utdanning, fritid og kulturtilbod, i heile fylket. |
|
10. Betty Hessevik, Vågsøy Utdanna sjukepleiar og er dagleg leiar ved ASVO Måløy AS, ei vekstbedrift innan arbeidsinkludering. Politisk er saker som distrikts- og næringspolitikk, helse- og velferdspolitikk viktig. |