Meny

Kven er uansvarleg, Per Lykke?

I Telemarksavisa måndag 19.juni påstår 1.nestleiar i Telemark Høgre at Senterpartiet og Arbeiderpartiet er uansvarlege i landbrukspolitikken. Med all respekt så er dette så feil som det kan bli. Eit stort fleirtal på Stortinget vedtok at inntektsgapet i høve til andre grupper skal reduserast. Då er det eit paradoks at regjeringa sitt tilbod på 410 millionar kroner vil gje bonden ein auka inntekt på kr.8000,- pr. årsverk. Inntektsveksten i andre grupper er kr.16000,- Høgre og Frp regjeringa sitt tilbod er stikk i strid med Stortinget sitt vedtak.

Noko av det viktigaste eit land kan gjere er å produsere sunn og kortreist mat til eiga befolkning. Det er og ein del av vårt globale ansvar. I ei verd med uro, mange på flukt, befolkningsvekst og klima utfordringar. Og ikkje minst utifrå beredskap. Det er dette som er samfunnsoppgåva til den norske bonden.

Så er det slik at vi alle må ha ei løn å leve av. Det er difor rimeleg at dei som kvar dag leverar det viktigaste av alt, nemleg trygg og god mat skal ha den same inntektsutvikling som andre grupper. Dette er ansvarleg økonomisk politikk, dette er ansvarleg samfunnspolitikk. Det er dette samfunnsansvaret Senterpartiet og Arbeiderpartiet tok i samband med Stortinget sin handsaming av landbruksoppgjeret.  

Olav Urbø

Fylkesleiar Telemark Senterparti

2. kandidat til Stortinget