Meny

Mykje politi - på papiret

Eit slags kjedebrev av lesarinnlegg frå Høgre-politikarar har vore spreidd i media den siste månaden. I desse lesarinnlegga etterlyser dei ein meir faktabasert diskusjon om norsk politi, samtidig som dei legg fram ei rekkje påstandar og tal som ikkje er baserte i fakta.


Høgre-folka påstår at konklusjonen til Gjørv-kommisjonen – som vart sett ned etter 22. juli – «var kort og godt at vi trengte et nytt politi, og en ny organisering som skulle takle mer komplisert kriminalitet.» Dette er rett nok ei kort, men slett ikkje ei god framstilling av kva kommisjonen kom fram til.

Gjørv-kommisjonen sa «Etter kommisjonens mening handler disse lærdommene i større grad om ledelse, samhandling, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgivning, organisering eller store verdivalg».

I handsaminga av rapporten peika kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget på det same. At Høgre-politikarane tek Gjørv-kommisjonen til inntekt for at det var nødvendig å leggje ned 122 lensmannskontor, viser i beste fall at dei ikkje har lest rapporten dei viser til.

Vidare seier dei at det er tilsett 1.300 politifolk over heile landet. Dette er ei sanning med modifikasjonar. For å gjera det mogleg å kome opp i eit slikt tal må ein leggje til tilsetjingane av politi, juristar og sivile i særorgana i politiet. For at heile landet skal nyte godt av ein auke i talet på politifolk, må den i stor grad koma politidistrikta til gode. Dagens Næringsliv melde i april om at bemanninga i den administrative leiinga og i særorgana - som Kripos, utlendingseininga, Politidirektoratet, Politihøgskulen, PST og IKT-senteret - har auka med 39 prosent under denne regjeringa, medan bemanninga i politidistrikta har auka med 5,4 prosent.

Dei tala for politidistrikta som desse Høgre-representantane spreier i rimeleg like lesarinnlegg, gjeld fleire papirstillingar enn reelle politistillingar. Dei kjem med ulike døme i ulike politidistrikt, og eg kan trekkje fram Møre og Romsdal politidistrikt som eit eksempel: Her hevdar Høgre at det har kome 89 fleire politistillingar. Dette er midlar Politidirektoratet (POD) har lagt inn i budsjetta i dei åra dei blå-blå har vore i regjering, det er rett. Dessverre har dei fleste av desse stillingane blitt til på papiret. I praksis viser tal frå POD at det har kome netto 15 fleire stillingar i løpet av desse åra.

Går ein inn i detaljane, har det har kome 31 fleire politistillingar, men det har vore kutta i andre stillingar i politiet. Høgre kunne gjerne skrytt av at det har kome 31 fleire politistillingar. Det ville vore faktabasert skryting, men talet 89 er ikkje fakta. Slik går dei fram når dei skal skryte av bemanningsauken i fleire politidistrikt.

Eg tykkjer at det er flott at det har kome på plass fleire politistillingar. Det skal regjeringa ha honnør for. Men ein kan lure på om Høgre-politikarane ikkje er nøgd med den veksten som faktisk har vore, sidan dei ser det som nødvendig å bruke oppblåste tal som gir eit misvisande bilete. Viss dei meiner det er på tide med ein meir faktabasert debatt om norsk politi, rår eg dei til først å sjekke sine eigne tal og påstandar.

Det er verdt å nemne at desse bemanningstala er offentlege, og kven som helst kan sjekke dei. Uansett: skal vi styrke norsk politi i heile landet må vi tilføre fleire stillingar i heile landet. Derfor meiner Senterpartiet at målet om 2 politifolk per 1.000 innbyggjarar må gjelde per politidistrikt, ikkje berre som eit måltal for heile landet samla. Det vil bety ei reell og god styrking av norsk politi dersom vi får gjennomslag på Stortinget for dette.

Jenny Klinge

Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet