Meny

Sp med 16,7% på lokal gallupp

Flott måling i dagens Telemarksavisa. Vi går inn i ferietider med ei fantastisk måling på 16,7% i Telemark. Identisk med Stortingvalet (EU valet) i 1993. Det er på mange måtar dei same verdiane som er nå er under press av den blå-blå regjering som og EU kampen handla om. Stå på Åslaug Sem-Jacobsen- Olav Urbø - Heidi Herum

Olav Urbø fylkesleiar sin kommentar og helsing ved inngangen til sommerferien:

Vi går inn i ferietider med ei fantastisk måling på 16,7% i Telemark. Identisk med Stortingvalet (EU valet) i 1993. Det er på mange måtar dei same verdiane som er nå er under press av den blå-blå regjering som og EU kampen handla om. 

Det er lagt ned ein stor innsats av Åslaug og mange fram til nå- og stortingsmandat frå Telemark er nå ikkje bare realistisk men særs sannsynleg. 

Så er det slik at 2 månader er lang tid i politikken og nå er det ein ting som tel: Mobilisering av heile medlemsmassen i Telemark Senterparti. Det handlar om «synlegheit, synlegheit,synlegheit» på våre saker. Mange må skrive avisinnlegg og alle må snakke med folk-«Kaffikoppstrategien til Trygve»    

Saman så skal vi sende Åslaug på tinget og gje eit sterkt bidrag frå Telemark til regjeringsskifte hausten 2017 

Ein rektig god sumar til dykk alle.