Meny

Stort fylkesårsmøte i Telemark Senterparti 9. og 10. februar

Det er venta ikring 110 gjester og utsendingar på Telemark Senterparti sitt fylkesårsmøte på Quality Straand Hotel i Vrådal fredag 9. og laurdag 10.februar. Hovudinnleidar på fredag er Kjersti Toppe, profilert Sp -representant som nestleiar i helse-og omsorgskomiteen og med eit stort engasjement for lokale saker også i Telemark, som t.d. knytta til Rjukan Sykehus og øvrige lokalsjukehus. Sjølvsagt er det også naturleg at fylkespartiet skal feire at dei har fått sin eigen stortingsrepresentant, Åslaug Sem-Jacobsen - etter 24 år utan representant!

På laurdag åpnar årsmøtet med foredrag av leder i IKT-Norge, Torgeir Waterhouse. Hans tema er: 

Digitale og teknologiske muligheter framover og hvordan Norge bør ruste seg for å dra nytte av disse.

Handler bla. om bredbåndsdekning samt litt utfordringer til SPs tankesett i slike saker.

Vidare på laurdag er det ei sak knytta til partimessige konsekvensar av fylkessamanslåing Vestfold og Telemark. Olav Urbø og Terje Riis-Johansen skal innleie her. 

Ellers skal pensjonert medarbeider i NRK Telemark, Gisle Espeland ha ansvar for ein times utspørring av våre 5 ordførarar: 

To år med Sp-ordførar – har folk merka nokon forskjell?» Ein times ordførarutspørring leia av Gisle Espeland, tidl NRK Telemark med: Tor Peder Lohne, Drangedal, Kjell A Sølverød, Siljan, Jarand Felland, Tokke, Jon Rikard Kleven, Vinje, Bjørn Sverre Sæberg Birkeland, Tinn.

Dette kan bli ein interessant time!

Ellers opplever Telemark Senterparti for 5.året på rad medlemsvekst denne gong frå 819 til 845 medlemmer. 

Olav Urbø har sagt ja til attval som fylkesleiar for 2 nye år og Heidi Herum frå Bamble er foreslått som ny 2. nestleiar etter Torunn Brukåsa Kleiva som har takka nei til attval.