Meny
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum blir hovudgjest på årsmøte i Telemark Senterparti

Fylkesårsmøte lørdag 17. april med partileiar som hovudinnleiar

Telemark Senterparti arrangerer digitalt fylkesårsmøte lørdag 17. april. Hovudgjest er partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Årsmøtet ellers blir viktig oppstart for valgkampen og stortingskandidat Åslaug Sem-Jacobsen vil spela ei viktig rolle i årsmøtet. Fylkesleiar Jon Rikard Kleven er ikkje på val.

Programmet for årsmøtet ser foreløpig slik ut:

Sak 1. Velkommen ved fylkesleiar Jon Rikard Kleven

Sak 2. Opprop ved fylkessekretær Sveinung Leikvoll

Sak 3. Konstituering av fylkesårsmøtet -vedtak om åpent eller lukka møte - godkjenning av innkalling og sakliste – valg av møteleiarar – møtesekretærar – teljekorps – to til å underskrive protokoll

Sak 4. Fylkesleiars tale, ved fylkesleiar Jon Rikard Kleven

Sak 5. Innleiing ved representantar frå Senterpartiet sentralt, Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (kl 12.00)

Sak 6. Generaldebatt på bakgrunn av to innleiingar.

Sak 7. Handlingsplan for 2020 og valgkampen 2021, innledning ved fylkesleder Jon Rikard Kleven og leiar av valgkamputvalget Tor Erik Baksås

Sak 8. Orientering frå stortingsarbeidet og om valgkampen 2021, ved stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen.
Sak 9. Resolusjonshandsaming,presentasjon , leiar resolusjonskomite Olav Urbø
Sak 10. Årsmelding for 2020, ved fylkesleiar Jon Rikard Kleven
Sak 11. Årsmelding frå fylkestingsgruppe Vestfold og Telemark, ved fylkesordførar Terje Riis-Johansen
Sak 12. Regnskap for 2020, ved fylkessekretær Sveinung Leikvoll
Sak 13. Budsjett for 2021, ved fylkessekretær Sveinung Leikvoll
Sak 14. Valg etter lovene, ved leder i valgkomiteen Rønnaug Woxen Thoen