Meny

Styrk helsesystertjenesta i Ytrebygda og etabler lokalmedisinsk senter

Då gruppeleiar Ove Sverre Bjørdal la fram Senterpartiet sitt budsjett for 2013 la han vekt på helsepolitikken. -Helsesystertenesta er viktig for Senterpartiet og vi har difor sett av ekstra midlar til dette, seier han i ein kommentar. Ytrebygda er ei av to prioriterte bydelar. - Å etablere eit lokalmedisinsk senter i bydelen vil vi og prioritere.

 Frå budsjettframlegget:

Styrkjing av helsesystertenesta

Ei av Bergen Senterparti sine hjartesaker er helsesystertenesta og helsestasjon for ungdom. Helsesyster- og skulehelseteneste driv eit viktig førebyggjande arbeid, og det er avgjerande at dei har tilstrekkjelege ressursar. Ein av to prioriterte bydelar er Ytrebygda.

 

Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Fana/Ytrebygda

Bergen kommune var ikkje budd på Samhandlingsreforma. Ein måte å møte denne på er å etablere lokalmedisinske sentra. Senterpartiet meiner Fana/Ytrebygda treng eit slikt senter. Dette vil kunne gje tilbod til pasientar før, etter og i staden for sjukehusinnleggjingar, og redusere presset på allereie pressa sjukeheimar. Det vil òg kunne gje eit breitt poliklinisk tilbod.

 Gjenoppretting av bydelsstyreordninga

Senterpartiet ser på ordninga med bydelsstyra som ein viktig reiskap for å styrkje lokaldemokratiet i Bergen og vil difor gjenopprette bydelsstyra i Bergen etter mal frå ordninga i Oslo.