Meny
2019 Fiskeforedling i Måløy, Sogn og Fjordane

FrP sitt nei til meieriene, slakteriene og fiskeindustrien

Under ein debatt i stortinget 2. februar stilte eg fylgjande spørsmål til næringspolitisk talsmann i FrP, Morten Ørsal Johansen: - Burde me ikkje ha ei eiga stortingsmelding om næringsmiddelindustrien, sånn at me kan få ein betre og meir målretta politikk for å stimulera til arbeidsplasser i næringsmiddelindustrien?

- av Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant og leder av stortingets næringskomité

Frp og Morten Ørsal Johansen sitt svar på spørsmålet mitt var både kort og klart: «Nei.» Det var alt partiet hans hadde å seia om den saka. 

Me snakkar om ei næring som innanfor fisk og landbruk direkte gjev arbeid til kring 50 000 menneskjer i Noreg. Det handlar om korleis me kan trygge og styrke arbeidsplassane på meieri, suppefabrikker, fiskeprodusentar, slakteri osb. Senterpartiet vil halde desse arbeidsplassane i Noreg og hindre at dei blir flytte ut av landet. Difor vil me løfte opp ein politikk for å sikra dette. Noreges største industrinæring fortener det.

Det er skremmande å sjå at FrP berre har eit ord til ei slik utfordring: «Nei». FrP kunne sagt at dei hadde stor sans for framlegget frå Sp, men at dei som støtteparti for Erna Solberg ikkje ynskte å provosera ho med å røysta for. Dei kunne sagt at dei ville fremja tiltak for næringsmiddelindustrien i samband med revidert statsbudsjett. Dei kunne sagt at dei var redd for korleis veljarane deira ville ha reagert om dei røysta saman med Sp, Sv og AP. Men det gjorde dei ikkje – dei sa berre «nei».

Senterpartiet vil ha ein aktiv næringspolitikk for å sikre desse viktige arbeidsplassane i matindustrien vår. Dei er viktige for landbruket vårt. Dei er viktige for forbrukarane. Dei er viktige for matberedskapen vår. Difor vil me så gjerne ha ein meir aktiv og målretta politikk for å styrke denne industrien. Då treng me parti som Senterpartiet som seier ja til å styrke norske arbeidsplasser.