Under Fellesnemda for Hedmark og Oppland sitt møte onsdag 20. juni vil Senterpartiet foreslå ein modell for geografisk retta inntak av elevar til vidaregåande skule i Innlandet. Dette gjer at kvar elev i Hedmark og Oppland vert sikra retten til å gå på skule i sitt nærområde.
- Vi vil sikre alle elevar retten til å gå på ein skule nær seg, og vi ynskjer ikkje å legge ned ein einaste vidaregåande skule i Hedmark og Oppland dei neste fire åra. Vi vil utvikle heile Hedmark og Oppland, og vi vil sikre at alle kan gå på ein god skule nær seg, fortel Senterpartiets fylkesordførarkandidat, Aud Hove.
Fellesnemnda for Hedmark og Oppland skal i morgon gjere vedtak i kva forskrift Innlandet fylkeskommune skal ha for inntak til vidaregåande skule og formidling til læreplass. Den store diskusjonen og forskjellen mellom partia ligg i §8 Inntaksordning. Det er skissert tre ulike inntaksmodellar; fritt skuleval, fritt skuleval med forbehald eller geografisk styring til næraste skule.
- Det er mange argument som talar for nærskuleprinsippet. Det styrker moglegheita til å kunne bu heime og derfor kunne gje betre gjennomføring. Fritt skuleval vil ramme dei elevane som ikkje når opp i konkurranse om plassane. Fritt skuleval vil styrke skular som ligg sentralt, samtidig som det svekker distriktskulane. For den enkelte skule blir det også betre forutsigbarheit med nærskuleprinsippet, seier Hove.
- Fritt skuleval er ei dårleg løysing også fordi det kan hemme samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane fordi dei vil sjå på kvarandre som konkurrentar meir enn samarbeidspartnarar. Det er ikkje konkurranse mellom skulane som skal avgjere kva tilbod den enkelte skule skal ha, men behovet for kompetanse i lokalsamfunna våre og fylket vårt som skal vere styrande for dette, fastslår Hove.
For ytterligere kommentarer, kontakt Sps fylkesordførerkandidat, Aud Hove (tlf. 41559413)