I Vestland fylke er det store avstandar. Utbygging av E39 og færre ferjer har blitt endå viktigare i det nye storfylket. E39 er hovudfartsåra Nord-Sør på Vestlandet, og Senterpartiet meiner at vi treng ein trygg og rassikker stamveg med akseptabel standard og god regularitet. Å bygge ut transportkorridoren, vil styrke konkurransekrafta på Vestlandet, og redusere transportkostnadene vesentleg. 

I Sogn og Fjordane prioriterer vi gul midtstripe først. Ein av dei største flaskehalsane er Halbrendslia i Førde. Vi vil jobbe for å få strekningen Langeland-Førde-Moskog inn i Transportplanen. Vi forventar at strekningane som ligg i planen vert bygd ut raskare. Dette gjeld strekninga forbi Vadheim, Lunde - Myrmel og utbetringa Byrkjelo-Sandane. Viktige prosjekt i Hordaland er parsellen Romarheim – Eikefet Nordhordland, ringveg aust i Bergen, og det må jobbast for ferjefritt samband mellom Bergen og Stord.

 Vi bur i ein region som er rik på naturressursar. Vi har ein open og eksportretta industri, og næringslivet produserer varer og tenester for milliardar som må raskt fram til marknaden. Då er ein opprusta E39 viktig.

Kostnadene må ned.

I Vestlandsrådet har vi jobba lenge for visjonen om ein opprusta og ferjefri E39. Det har vore brukt mange millionar til planlegging og utgreiing av både små og store prosjekt. Nokon av desse har blitt så gigantiske at vi fryktar at dei ikkje lar seg realisere.

Senterpartiet meiner at det er på tide å gå gjennom planane, sjå på kostnadsreduserande tiltak, og nedskalere planane. For oss er det viktig å få bygd meir veg for pengane, og realisere nokre bruer. Men då må kostnaden ned, og ferjeavløysingsordninga må kunne takast i bruk på riksvegnettet.

Utbygging av E39 blir ei viktig kampsak for Senterpartiet.