Meny
Illustrasjonsfoto - Psykisk helse

Helse på armlengdes avstand

Riksrevisjonen har nett laga ei undersøking av dei psykiske helsetenestene. Den syner at det psykiske helsevernet ikkje har vore prioritert av dei fleste helseforetaka, sjølv om regjeringa har prioritert dette sidan 2014.

Mange med psykiske plager får ikkje hjelp når dei treng det. Hjelpa dei får er ofte ikkje den riktige. Helseministeren vil handtera dette i dialog med helseforetaka. Riksrevisjonen seier det ikkje er godt nok og peiker på at dei statlege verkemidla kan nyttast betre.

 

Dette er eit av mange døme frå kontrollkomiteen sitt arbeid på at helseføretaksmodellen står i vegen for å løysa grunnleggjande problem i helsevesenet.  Riksrevisjonen kritiserer at mange styrer i helseforetaka har for liten merksemd mot forsking. Statsråden svarar at departementet ikkje styrer på helseforetaksnivå. Riksrevisjonen finn at IKT-tryggleiken i sjukehusa er for svak til å oppdaga dataangrep og at departementet har vore for passiv i å fylgja opp. Statsråden svarar at helseføretaksmodellen ikkje gjev departementet eit operativt ansvar. I rapporten om problema med å få på plass eit felles journalsystem i helsevesenet peikar Riksrevisjonen på manglande koordinering og på at organiseringa av sektoren ikkje legg opp til at det er naturleg for departementet å styra.

 

Helseføretaksmodellen er blitt ein måte skyva helsepolitikken vekk frå politisk debatt, politisk styring og politisk ansvar. Styringsmodellen har vorte føresetnaden for korleis problem skal løysast framfor å vurdera kva som er den beste måten å løysa problemet på. Slik har helseforetaksmodellen skjøve helsepolitikken ut på armlengdes avstand frå det politiske miljø.

 

Senterpartiet vil avvikla helseføretaksmodellen og ta sjukehusa tilbake til folkevald styring og offentleg forvalting. Vi vil vidareføra statleg eigarskap, men overføra dagens regionale ansvar til folkevalde sjukehusstyre, valt av og blant medlemmene i fylkestinget. Desse skal styra innanfor rammene nedfelt av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan. Slik kan vi få reell politisk debatt, politisk styring og eit klårt politisk ansvar for å løysa problema i helsevesenet.

 

Kjelder:

Dokument 3:14 (2020-2021): Undersøkelser av IT-satsingen Én innbygger - én journal; styring og anskaffelser

Dokument 3:13 (2020–2021) Riksrevisjonens undersøkelse av psykiske helsetjenester

Dokument 3:9 (2020-2021): Riksrevisjonens undersøkelse av kliniske behandlingsstudier i helseforetakene

Dokument 3:2 (2020-2021), jf. Innst. 386 S (2020-2021)

Del av Dokument 3:2 (2020–2021): Undersøkelse av helseforetakenes forebygging av angrep mot sine IKT-systemer

 

Nils T Bjørke, stortingsrepresentant, senterpartiet