Meny
Besøk hjå Høgskulen på Vestlandet

Ja til forutsigbare vilkår for næringslivet vårt!

Tysdag 24.08.21 var me så heldige at me fekk besøk frå Stortingsrepresentant frå Oppland Marit Knutsdatter Strand.

Me starta dagen ved å besøka Ny-Krohnborg Skole i Bergen.

Her fekk me først omvisning i den frodige skulehagen der elevane har planta forskjellige vekster. Ein god praktisk måte å læra om naturen på. Senterpartiet har programfesta at me ynskjer fleire skulehagar, slik at fleire born og unge for moglegheiten til å læra praktisk kunnskap rundt jordbruk og matproduksjon.

Me møtte og fleire dyktige lærarar og leiing på skulen og me fekk mange gode innspel om korleis ein kan styrka arbeidet mot fråfall i vidaregåande skule og generell utanforskap blant unge.

ktogmks.jpg

Etter dette var me på besøk på Høgskulen på Vestlandet. HVL stilte mannsterke på møtet vårt og hadde mange gode innspel til oss på korleis me kan styrka deira arbeid høgare utdanning, i Bergen og i distrikta. Det kom fram at HVL som har eit desentralisert studietilbod er blitt nedprioritert over lenger tid. Dette vil Senterpartiet jobba for å gjere noko med. Det er heilt naudsynt med tilbod til høgare utdanning i heile Noreg om me skal halda fram med å bu, leva og skapa verdiar i heile Noreg. Me fekk og omvisning i det flotte nye bygget til HVL, og kan heilt sikkert konkludera med at HVL er ein god plass å studera på.

 

Til sist var me så heldige at me fekk besøka Hansa Borg Bryggerier på Kokstad. Her var fokuset på at me treng gode vilkår for industrien i Noreg om me skal halda på norske arbeidsplassar og norsk verdiskaping. Hansa Borg var særskild oppteken av at avgifter må vera stabile og forutsigbare. Etter møtet fekk me ei lita omvisning i produksjonslokala.

 

2.jpg

 

Det skjer mykje positivt både i industrien og i utdanningssystemet vårt, men me treng ei ny regjering som tar utfordringane i privat næringsliv og offentleg tenesteyting på alvor.

Me må ha slutt på sentraliseringa og me må ha forutsigbare vilkår for næringslivet vårt!