Meny

- Nå er det Vestlandet sin tur, Erna!

Det er ikkje starta eit einaste større infrastrukturprosjekt i Hordaland under Solberg-regjeringa.  Nå krev Hordaland SP at regjeringa leverer til Vestlandet på NTP. 

Senterpartiet set liv og helse først. Å be Vestlandsregionen prioritera mellom dei mange prosjekta som skrik etter oppgradering, er å prioritera mellom tryggleiken til innbyggjarane.

Det er ikkje akseptabelt at det vert investert enorme summar på Austlandet, medan Vestlandet må ta til takke med gammaldags, farleg infrastruktur. Nå skal fylket snart levera si innstilling til NTP, der ein blir beden om å prioritera mellom ei rekkje vegstrekningar, alle med eit sårt oppgraderingsbehov:

Vegane våre er prega av trafikkulukker, ras, langvarige stengingar og låg standard. Hordaland Senterparti er opptatt av å få iverksett utbygginga av K5 mellom Bergen og Voss, og å få realisert ferjefri E-39 for å styrkja Vestlandsregionen.  Investeringar i E16, E39, E134, Rv 7 og Rv 13 er svært viktig for å skape arbeidsplassar og vekst i Noreg. 

Fylkesvegane er i store delar av regionen livsnerva i samfunnet.  Vedlikehaldsetterslepet på dårlege og trafikkfarlege fylkesvegar er så stort at fylkeskommunen ikkje har økonomi til å følgja dette opp. Til  sikring av vegar med høg og middels rasfare i Vestland er det eit behov på 40 milliardar kroner.

Oppgradering av prosjekta på Vestlandet vil ikkje berre tryggja liv, helse og næringsliv, men vil også bidra monaleg i eit miljøperspektiv. Det er uansvarleg av Erna Solberg å ikkje realisera samferdsleprosjekt som reduserer utslepp og som kan heva standarden på vegar som trugar liv og helse.

Vestland fylke og heile Vestlandsregionen står bak ei enorm verdiskaping, og er den fremste eksportregionen i landet. Målsetjinga med regjeringa si regionreform var mellom anna å styrka vekstkrafta og legge til rette for positiv samfunnsutvikling i alle delar av landet. Ein av grunnsteinane for dette er god og trygg infrastruktur som sikrar busetnad i heile fylket, som legg til rette for vekst i næringslivet, og som bidrar til meir klimavennleg samferdsel. Å igjen nedprioritera ein vekstregion som Vestlandet i NTP vil vera å motarbeida eigne målsetjingar. 

Vestlandet har gong etter gong vore nedprioritert, noko som både set liv og helse i spel, og hindrar næringsutviklinga i det nye fylket. Etter snart to periodar med blått styre, og totalt fråvær av nye  store samferdselsprosjekt, er det på høg tid at Solberg-regjeringa løftar blikket utover austlandet når dei skal leggja NTP-kabalen. Me er bedne om å prioritera blant dei mange vegstrekningane som allereie skulle fått sine sårt tiltrengde kroner for lenge sida.  Først bør Erna visa at ho prioriterer Vestlandet.

Styret i Hordaland Sp