Meny

Nødvendig innstramming av Koronalov

Laurdag 21.mars vedtok Stortinget førstegongs-behandling av den såkalla koronalova. Det var eit radikalt endra forslag i forhold til den lova som Regjeringa hadde lagt fram for Stortinget. Regjeringa var med sitt forslag på veg inn i ei demokratisk blindsone. Det var på sin plass at Stortinget rydda opp og sikra folkevalde si rolle og Stortinget sitt ansvar i krisetider, skriv Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Senterpartiet

Ekstraordinære tider kan krevje ekstraordinære tiltak. Det er vi alle einige om. Regjeringa meinte at koronapandemien gjorde det naudsynt med ei generell fullmakt til Regjeringa for  å kunne endre, avvikle eller omgå lover og forskrifter, utan at dei trong å gå vegen om den lovgivande forsamling, altså Stortinget.

Forslaget var oppsiktsvekkjande, og møtte sterk kritikk, ikkje minst frå fleire juridiske ekspertar. Regjeringa har allereie vide  fullmakter, nedfelt i blant anna  Smittevernlov og Beredskapslov, til å setje i verk tiltak for å hindre smitte og sikre liv og helse i befolkninga, og til å setje i verk tiltak for å trygge  samfunnskritiske forhold i landet.

Ei koronalov handla ikkje om dette. Det handla om tiltak for å kunne avhjelpe dei negative samfunnskonsekvensane koronasmitten ville kunne føre til på kort og lang sikt.  Altså forhold som var meir av praktisk karakter, viktige nok, men som sjølvsagt ikkje er like alvorlege og som ikkje har same hastegrad. Fleire har difor stilt spørsmål ved om ei slik fullmaktslov verkeleg er nødvendig. 

Stortinget sine innskjerpingar i lovforslaget var også markerte. Lengda blei korta ned frå  6 månader til 1 månad. Fullmaktene i lova blei ikkje generelle men skal gjelde namngitte lover.  Regjeringa skal kunne nytte  fullmaktslova berre dersom lovendringar  ikkje kan skje gjennom normal behandling i Stortinget. Ein  tredel av stemmene i Stortinget vil kunne stoppe endringane. Domstolane skal kunne overprøve vedtaka som vert gjort.

Krise- og fullmaktslova som Stortinget arbeidde seg fram til, respekterer dei grunnleggjande demokratiske prinsippa i nasjonen  og rettstryggleiken til innbyggjarane. Lovforslaget er avgrensa og samlande, og eit lovforslag som alle parti på Stortinget stilte seg bak. Stortinget har slått fast at fullmaktslova ikkje skal kunne setje Stortinget, Grunnlova eller Menneskerettigheitene til side. Om den vert nytta av Regjeringa, har Stortinget alltid, som alltid, siste ord.