Meny
kjersti

Ny kurs. Ny politikk. Ny regjering.

13. september er det stortingsval. Dersom dagens regjering får fortsette, står mykje på spel. No er det tid for ny kurs og ny regjering som vil utvikle heile Norge.

Her er nokre punkt og Senterpartiets løysingar på desse punkta:

1)      Auka skilnader. Under Høgre- regjeringane  har skilnadene i samfunnet auka. Dei største skattekutta er gitt til dei med dei største formuane. Senterpartiet vi redusere skatten på låge inntekter og auke skatten på høge inntekter, og sikre eit samfunn med små skilnader. Vi vil redusere avgiftsnivået då flate avgifter rammer låg-inntektsfamiliane mest.

2)      Auka sløseri. Høgre- regjeringane  har gjennomført dyre reformer , som jernbanereforma som har kosta samfunnet 3 mrd. kroner berre i konsulentbruk og ein  eksplosjon i talet på jernbanedirektørar med millionlønningar. Senterpartiet vil reversere oppsplittinga og privatiseringa av jernbanetilbodet i Norge.

3)      Stadig meir EU- tilpassing.  Høgre har i regjering aldri brukt vetoretten i EØS- avtala. Regjeringa har med støtte frå AP og MDG tilslutta Norge til EUs energimarknadspakke og ACER. For Senterpartiet er det ikkje likegyldig kven  som eig norske naturressursar. Senterpartiet vil sikre norsk kontroll over kraftpolitikken. Kommunane skal ha vetorett i vindkraftsaker.  

4)      Fleire ufaglærte i skulen. Sidan 2013 har det vore ein stor auke i talet på ukvalifiserte  som underviser i skulen. Regjeringa har latt det gå prestisje i tiltak som vil forsterke  denne lærarmangelen. Senterpartiet vil bort frå firar-kravet i matematikk og går imot å avskilte fleire tusen erfarne lærarar - og vil ikkje gi dei nye kompetansekrava tilbakeverkande kraft. 

5)      Fjernare politi.  Høgreregjeringane har gjennomført sentralisering av tingrettar, sjukehus, fødeavdelingar, kommunar,  høgskular, skattekontor, trafikkstasjonar m.m.. Høgres «nærpolitireform» har svekka det nære politiet, dei som kjenner ungdommane våre og er til stades i lokalsamfunna. Senterpartiet vil desentralisere Norge. Vi vil ha ein fireårig opptrappingsplan for tilstadeverande politi.

6)      Svekka beredskap. «Just- in- time» politikken til regjeringa må bort. Beredskapen må styrkast.  Senterpartiet vil auke intensivkapasiteten. Vi vil sikre beredskapslagring av mat og medisinar og ha nasjonal produksjon av legemidlar, smittevernutstyr og vaksiner.   Vi vil auke kravet til sjølvforsyning av norsk mat, produsert på norske ressursar.

7)      Mindre valfridom. Høgre vil avvikle kontantstøtta. Partiet som seier dei kjempar for valfridom  vil at dette ikkje skal gjelde barnefamiliar. Då er det staten som veit best. Det er ikkje til å tru. Senterpartiet vil vidareføre kontantstøtta og målrette den mot dei yngste borna. 

8)      Todelt helsevesen. Eit fleirtall av befolkninga meiner at vi  dag har eit todelt helsevesen. Det er ein brutal dom over Høgres helsepolitikk. Senterpartiet vil stoppe sentralisering og privatisering, styrke det offentlege helsevesenet og lokalsjukehusa, og gjennomføre ein  opptrappingsplan for psykisk helse og redde fastlegeordninga. Det hastar.  

9)      Dårlege fylkesvegar.  Regjeringa la fram ein Nasjonal Transportplan der dei ikkje ville prioritere det viktigaste fyrst. Norge har eit etterslep på fylkesvegar tilsvarande 60 mrd.kr. I tillegg kjem behov for  ras- og tunnelsikring. Risikoen for å døy eller bli hardt skadd på fylkesvegnettet er 67 prosent større enn på riksvegnettet. Senterpartiet vil ha ein forpliktande plan vedlikehald av fylkesvegane. Liv og helse fyrst.

10)    Grøn omstilling. Vekst er ikkje å forbruke meir men å forvalte betre.  Senterpartiet  med kløveren i partilogoen vil etablere eit statlig grønt investeringsselskap, som skal satse på det grøne karbonet, på torsken, timoteien og tømmeret. Vi lovar ei  storstilt grøn industrisatsing.  Klimautsleppa skal ned. Måla i Parisavtala skal nås. Forureinar skal betala.

 

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet

1.kandidat stortingsvalet.