Meny

Senterpartiet får makta i Vestland

Jon Askeland blir ny fylkesordførar og skal byggja Vestland med eit sterkt politisk sentrum.  

- Vårt store felles prosjekt er å byggja det nye fylket til det beste for alle innbyggjarane. Det har vore den gjennomgåande målsetjinga når me har arbeidd fram den nye politiske plattforma med samarbeidspartia, seier Askeland, som blir Vestland sin aller første fylkesordførar.

Han går i bresjen for det politiske prosjektet, med Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet De Grønne,  Arbeidarpartiet, Venstre og SV i ryggen. Natalia Golis frå MDG blir fylkesvaraordførar.

Det er dermed med ei brei politisk forankringsamarbeidspartia nå tar fatt på bygginga av det nye fylket.

Her kan du sjå den politiske plattformen!

Forhandlingsleiar for Vestland Senterparti, Sigurd Reksnes, seier at tydeleg leiarskap er eit viktige punkt for at det politiske prosjektet skal lukkast.

- Det er heilt avgjerande for prosjektet Vestland at me har ein samlande, pragmatisk og raus fylkesordførar som kjenner heile fylket, og vil jobba for både by og land. Jon Askeland har alle desse eigenskapane som trengst hjå den nye fylkesordføraren, seier Reksnes.

- Valkampen har engasjert veljarar som er opptekne av distrikts- og klimapolitikk. Valresultatet speglar eit krav om ein tydelegare politikk. Me har tatt dette signalet frå veljarane som gjennom rekordstor valdeltaking, gav marsjordre til Senterpartiet om å leia Vestland. Senterpartiet har tidlegare også jobba med Krf, AP og SV , og har lukkast med det. Nå ønskjer me å gjenoppliva sentrum som ei eiga retning i norsk politikk , og dette samarbeidet har eit solid rotfeste i eit sterkt sentrum, seier Askeland.

Fredag landa samarbeidspartia ein felles politisk plattform som set retninga for utvikling av Vestland dei neste fire åra.

- Senterpartiet har fått  med mykje god Sp-politikk i plattformen, mellom anna om desentralisering, skulestruktur, rassikring, næringsliv idrett og kultur.  Det har vore viktig for oss å vera rause og at alle parti skal få kjenna eigarskap til dette. Saman skal me dra nytte av alle parti sine sterkaste sider, og alle har vunne gjennom med viktige saker, seier Askeland. 

Vestland Senterparti får 10 representantar inn i det nye fylkestinget.

- Gruppa vår representerer alle delar av fylket, og er difor godt rusta til å ivareta heile Vestland, seier gruppeleiar Aleksander Øren Heen, som også blir medlem i fylkesutvalet.