Meny
El-bil-DSC_0014

Senterpartiet i klimadebatten

I valkampen har klima fått ein sentral plass og det er både rett og viktig. Høg Co 2 avgift skal vera det viktigaste grepet, og desse skal bli svært høge. 

Avgifter verkar slik at ein skil ikkje på fattig eller rik, eller om den næringa du driv har god eller dårleg inntening.

Ein kan difor tenkja seg at dei som har god råd og som kanskje alt i dag har det største forbruket berre kan fortsetja som før og kjøpa seg ut. Høg Co 2 avgift vil kunna ramma skeivt og ein må difor ikkje einsidig innføra dette utan å sjå på desse verknadene. Det er difor me i SP er skeptiske til ein for stor auke generelt for alle. Her må ein sjå både på innretning og fordeling før ein tek for drastiske tiltak. Co 2 avgift skal me ha og den bør aukast. Og for dei næringane som har både store utslepp og god økonomi skal det vera høge avgifter, for eksempel oljenæringa.

Eg er sikker på at dei fleste innbyggarane i Noreg ser alvoret i situasjonen, og at ein gjerne ynskjer å bidra for eit betre klima. Det er då viktig at me har ordningar som ikkje berre baserar seg på forbod, men at ein også har «gulerøter» som gjer det fordelaktig å ta gode miljø og klimaval.  

Det offentlege Noreg må difor legga til rette for gode miljø og klimaval med for eksempel:

  • Utbygging av ladestasjonar i heile landet
  • Billigare biodrivstoff (Ikkje høgare avgift enn på vanleg diesel som i dag)
  • Bruka vasskrafta vår til å produsera miljøvenleg. Ikkje senda den ut av landet
  • Planta skog for Co 2 binding, og utvikla nye miljøvenlege produkt med basis i skogen
  • Klimakrav i offentlege innkjøp
  • Støtta landbruket i å ta klimagrep, og satsa på Norsk matproduksjon på lokale ressursar

Om nokon skulle vera i tvil, SP står på Paris avtalen og vil sikra at me har redusert utsleppa av klimagassar med 55 % innan 2030.

 

Sigbjørn.jpg
Sigbjørn Hauge
Voss SP