Meny
Rv 13

Uheldig valflesk om Riksveg 13

Kjersti Toppe - Stortingsrepresentant, og 1.kandidat Senterpartiet

Tysdag var det igjen stor kødanning på riksveg 13. Eg og Hans Inge Myrvold, som er 3.kandidat på Stortingslista og ordførar i Kvinnherad, blei ståande bom fast i denne køen på veg innover til Odda. At ein må ha ledebil for å få trafikken til å flyte på ein riksveg på ein nokså vanleg tysdag, seier sitt.

Det er vel heller ingen andre riksvegar i landet der det står oppført fareskilt om lokaltrafikk. Er det ikkje slik trafikk vegar eigentleg er til for? At situasjonen er ein fare for beredskapen, er innlysande. Men fyrst og fremst er det ein fare og ulempe i kvardagen for alle som bur og arbeider i Hardanger.

På Senterpartiet si valkampreise i Eidfjord og Ullensvang denne veka, så enda så å seie alle dei bedriftene og tenestestadene vi var innom opp med å nemne ei viktig sak; nemleg Riksveg 13. Det gjaldt alt i frå hotelldirektørane, industritillitsvalde, fruktbøndene - til sjefane i pleie- og omsorg.

Men FrP og regjeringspartia sitt ansvar i denne saka, må snart avslørast. Då Sylvi Listhaug nyleg var på TV2  og klaga  over tilstanden på Riksveg 13, er det grunn til å stille spørsmål om kva FrP og regjeringspartia faktisk har gjort for å sikre snarleg prioritering av vegen, etter snart 8 år i regjeringskontora. 

For Senterpartiet sin del så prioriterte vi meir midlar til planlegging, og hadde 85 mill.kroner til Riksveg 13 i vårt alternative statsbudsjett for 2021. FrP og regjeringspartia har heller på ingen måte «redda» Riksveg 13 ved å ta den inn i porteføljen til Nye Veier AS, slik dei gjorde ved handsaming av nasjonal transportplan. Riksveg 13 ble lagt inn i porteføljen UTAN at det blei tilført noko meir pengar. Slik sett vart dette ein lettvindt måte for desse partia å kome utanom saka – utan å løyve å einaste krone ekstra til strekninga og utan at dei la inn føringar til Nye Veier AS om å prioritere denne strekninga.

Når ein politisk gir ansvaret for prioritering av vegstrekninga til eit aksjeselskap som ikkje er politisk styrt, kan ein heller ikkje seinare klage dersom Nye Veier AS ikkje prioriterer Riksveg 13 opp. Nye Veier AS  har ein portefølje med vegstrekningar som skal byggast ut, og mandatet er at desse skal byggast ut innan 2041. Men sjølve avgjerda om rekkefølga av utbyggingane er overlatt til styret i aksjeselskapet, utan politisk styring. Eg  er bekymra for at Riksveg 13 slik kan bli sett enno lengre ut i tid. Dagens regjering har sagt klart og tydeleg at dei ALDRI vil gå inn og prioritere i Nye Veier AS fordi det er i strid med metoden og prinsippa i dette systemet.

Regjeringspartia sitt krav til Nye Veier AS er at Riksveg 13 skal utbetrast innan 2041. Det er sjølvsagt alt for dårleg og heilt uakseptabelt! Regjeringa har ikkje gitt meir pengar eller føringar som kan garantere fortare utbygging.  Riksveg 13 er det einaste vegprosjektet på vestlandet om er flytt til Nye Veier AS. Vegen må konkurrere om midlane i Nye Veier AS med store europavegvegprosjekt på sør og - austlandet, slik som E18 og E6. Når vi veit at Nye Veier  AS er pålagt å basere seg på samfunns-økonomisk lønnsemd, betyr det at vegar med mest trafikk blir prioritert fyrst. Samferdselsministeren har i svar til Stortinget slått fast at regjeringa ikkje vil påverke kva vegar Nye Veier AS skal bygge ut først

Kjem Senterpartiet i posisjon etter valet, vil vi prioritere midlar til Riksveg 13 og revidere Nye Veier sitt mandat og styringsmodell for å sikre betre prioritering og politisk styring. Berre slik kan Riksveg 13 bli sikra rask utbetring. Eg meiner det er heilt avgjerande med regjeringsskifte, for å få til ei slik snarleg utbetring av Riksveg 13. I dag framstår dette som den saka som hastar aller mest i Hardanger, for å sikre levande lokalsamfunn, beredskap, vekst og utvikling. Denne prioriteringa må takast politisk. Den kan ikkje overlatast til eit aksjeselskap for vegbygging, slik regjeringspartia og FrP vil.

Kjersti rett.jpg

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant, og 1.kandidat Senterpartiet