Meny
Sau-landbruk-beite-mai-2018_42579206941_o

Vi treng meir norsk mat!

Staten sitt dårlege tilbod og bondeopprøret førte til  brot i årets jordbruksforhandlingar. Regjeringas tilbod som førte til brot, skal handsamast i Stortinget 16. juni.

FrP har allereie sagt at dei vil skaffe fleirtal for regjeringas forslag. Regjeringspartia seier at Stortinget ikkje kan rette opp statens tilbod. Det er sjølvsagt feil. Jordbruksforhandlingane som har  grunnlag i Hovudavalen for jordbruket av 1950, er ei førebuing til dei vedtak Stortinget skal gjere. Stortinget er sjefen. 

 «Vi må kanskje klare oss uten sukkertøy og smågodt i en periode i en krise, men vi har utrolig mye fisk». Orda falt i Stortingssalen den 5.mai. Det var Statsminister Erna Solberg som skulle lære opp Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum om matberedskap. Tankane våre gjekk til  franske Marie Antoinette, som i følge historia spurte kvifor dei svoltne folka som mangla korn og  brød i landet hennar, ikkje berre kunne ete kake i staden?

Inntektsgapet mellom jordbruksarbeid og andre yrker aukar. Allmenngjort tariffavtale for jordbruksarbeid er den dårlegaste i heile landet. Arbeidsbetalinga for eit vanleg, stort vestlandsbruk i dag er omlag halvparten av det ein gjennomsnittlig lønnsmottakar tener per time. Med så stort inntektsgap blir konsekvensen sjølvsagt rekrutteringssvikt. Norsk jord vert utkonkurrert og jordbruksarealet redusert. Det viser kvifor  Erna Solberg si regjering må få avløysing. 

Under dagens regjering har jordbruksmatforsyninga gått frå dårleg til verre. Norge ligg dårlegast an i heile Europa når det gjeld matvareberedskap. Sveits som historisk har vore i same situasjon som Norge, har i dag ein langt betre matvaretryggleik. Sjølvsforsyningsgrada av jordbruksmat produsert på norske planter er no på under 40 prosent. Importen av kraftfôr (korn og soya) frå blant anna Brasil har auka tilsvarande 1 million dekar norsk kornjord sidan år 2000.

Regjeringa sin politikk har bidrege til dette. Dei har konsentrert midlane over statsbudsjettet til stadig færre gardsbruk med stor produksjon. Konsekvensane er at vanlege familiebruk som det fins mange av på vestlandet, vurderar å legga ned drifta og kulturlandskapet vil gro att. Stortinget må vise bondesolidaritet i Stortinget 16.juni. Gardbrukaren må kunne leve av å produsere  mat på vanlege vestlandsgardar..

Statsminister Solberg må slutte å fjase om smågodt og i staden ta stilling til kva som er viktigast – billegast mogleg mat eller nasjonal matvaretryggleik. Senterpartiet vil  i Stortinget 16.juni føreslå ein forpliktande plan for styrking av matvaretryggleiken i Norge til  50 prosent for jordbruksmat, produsert på norsk jord, innan utgangen av 2025. me føreslår og at jordbruket skal sikrast ein årleg kronemessig utvikling som ligg monaleg høgare enn løønnsutviklinga elles i samfunnet for å koma opp på same inntektsnivå. Etterslepet må fyllast med ein forpliktande tidfesta opptrappingsplan for tetting av inntektsgapet.

Det er avgjerande  for å sikra norsk matproduksjon.

 

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant Senterpartiet, Hordaland  

Nils T Bjørke, stortingsrepresentant Senterpartiet, Hordaland