Webinar om klima- og miljøpolitikk
Korleis snakkar me om klimapolitikk? Og kva blir dei store miljøsakene i tida framover? Hordaland Senterparti inviterer til Webinar om klima- og miljøpolitikk, tysdag 20.oktober kl. 19.30
Program
Velkommen v/ Nils T Bjørke, Stortingsrepresentant
Tore Furevik - Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking:
- Den globale miljø og klimapolitikkutviklinga
- Kva blir dei store klimasakene i tida som kjem?
Ane Hansdatter Kismul, sekretariatsleiar i SP si stortingsgruppe og Else Marie Rødby, politisk rådgivar i Energi og miljøkomiteen:
- Korleis snakkar Sp om klimapolitikk?
- Klimasaker i Sp, nå og framover.
Spørsmål og debatt
Om innleiarane
Ane Hansdatter Kismul, sekretariatsleiar i Senterpartiet si stortingsgruppe.
Har lang fartstid fra miljøbevegelsen og var aktiv i Natur og Ungdom i ti år, der ho også var leiar. Kismul har vore rådgivar med ansvar for energi- og miljøsaker, politisk rådgiver for Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk, politisk rådgiver for Trygve Slagsvold Vedum, og statssekretær i Olje- og energidepartementet for statsråd Ola Borten Moe.
Else Marie Rødby, politisk rådgivar i energi- og miljøkomiteen
Rødby har lang erfaring som folkevalgt på alle nivåer og har vært varaordfører i Hurum kommune og fylkestingsrepresentant i Buskerud. Rødby jobber i dag som rådgiver i energi- og miljøspørsmål på Stortinget.
Tore Furevik, Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning og professor i oseanografi ved Geofysisk institutt, UiB.
Etter at han tok doktorgrad ved Universitetet i Bergen i 1998 har han hovudsakeleg drive forsking basert på resultat frå klimamodellar, data frå satellittar og direkte målingar i hav og atmosfære. Furevik er særleg interessert i forstå storstilte variasjonar i klimaet, både menneskeskapte og naturlege. Dette inkluderer samspelet mellom luft, hav og is, og studie av korleis klimavariasjonar ulike stader på kloden kan påverke kvarandre. Som direktør på Bjerknessenteret for klimaforsking, leiar for ein nasjonal forskarskule i klima, og som medlem i ulike styre og utval, er han gradvis blitt meir engasjert i forskingspolitisk og –administrativt arbeid. Eg likar å gje populærvitskapelege foredrag og gjennom det offentlege ordskiftet bidra til ei positiv utvikling av samfunnet.