Meny
politi-politibil-26361847597_0dd3834dc2_o kopi

Politi i Midsund; frå vondt til verre!

Fram til 01.01.2020 var Midsund ei eigen kommune med 2000 innbyggjarar. Det har aldri vore fast politi på Midsund og tidligare var kommunen underlagt lensmannskontoret på naboøya Gossen i Aukra Kommune. Det er no nedlagt.

Etter 01.01.2020 blei Midsund ein del av storkommunen Molde, og vart lova av politimeisteren i Møre og Romsdal at situasjonen skulle bli mykje betre i forbindelse med gjennomføringa av politireforma. Oftare nærvær både dag og natt og meir førebyggjande arbeid var nokon av tiltaka. 

Resultatet? Absolutt ingen forandring, meiner Odd Helge Gangstad, tidligare ordførar frå Midsund, no varaordførar i Molde.

  • Det vi veit er at politidistrikta per 1.tertial 2020 (2.tertial er ikkje offentleggjort) ikkje nådde sine responstidkrav. Ei heller i 2019, 2018 eller 2017, fortel Gangstad.

I Politiets innbyggjarundersøking går det også fram at tilliten til politiet i Møre og Romsdal er synkande.

  • Eg tok opp situasjonen med manglande nærvær på møte med Politirådet. Kort tid etter skjedde det ei bilulykke der berre flaks og rask inngripen frå privatpersonar gjorde at ikkje liv gjekk tapt, seier Gangstad.

Sidan den gong har det vore fleire situasjonar der politiet ikkje har kome på plass i det heile tatt eller altfor seint. 

  • Eg hadde trudd at etter vi fekk ordninga med beredskapsferge på plass at situasjonen skulle betre seg. Kostnaden ved å bruke ferge utanom ordinær rutetid har gått ned frå 15 000 kr til ca. 5000 kr, så kostnad skulle då ikkje være eit argument når det handlar om liv og helse for innbyggjarane på Midsund, seier Gangstad. 

Det viser seg at Midsund har ein lang veg å gå før dei har ein beredskap dei kan lite på. I tilfelle med trugselsituasjonar må innbyggjarane kunne forvente å bli tekne på alvor, meiner den tidlegare ordføraren.

  • Konsekvensane kan bli sjølvtekt, at innbyggjarane tek lova i eiga hand, eller at dei sluttar å reagere på klare lovbrot. Fordi det ikkje nyttar likevel. 
  • Ser vi allereie no resultatet av at Møre og Romsdal har to geografiske driftseiningar (GDE) i staden for fire? God kunnskap om lokale forhold i Romsdal er sett til sides, avsluttar Gangstad.