Meny

Plassar til alle i vidargåande skule

 

 

 

 

 

 

-Fleirtalet i Fylkestinget, Senterpartiet, Ap, Krf, V og SV foreslo i Utdannings- og kompetanseutvalet torsdag 19. mars å vidareføre fleire utdanningsprogram som etter kriteria elles ville bli nedlagt fordi dei hadde for få søkarar

«Det er svært gledeleg at heile 55% har søkt yrkesfag. Møre og Romsdal er eit sterkt industrifylke med stor verdiskaping i mange bransjar, og det er flott å sjå at ungdomen ønsker yrkesutdanning allereie i vidaregåande skule», seier leiar i utvalet, Per Ivar Lied. «Det er også gledeleg å sjå at det i år er oversøking innan helse og oppvekst, der vi veit det trengst fleire flinke folk i framtida, og der dei som utdannar seg vil vere sikra jobb. Vi må saman med kommunane og næringslivet sørge for at det blir nok læreplassar til desse.»

Til saman i Møre og Romsdal har 9234 ungdomar søkt på 9870 plassar i den vidaregåande skulen. Dette tilsvarer 485 klasser. Det vart også vedtatt å legge ned 7 klasser der det var desidert færrast søkarar. Berre 23 søkarar av 9234 vil dermed få beskjed om å søke på nytt, noko som er det lavaste talet nokon gong.

Til nokre opplæringstilbod er det fleire søkarar enn plassar. Fleirtalspartia ønsker her ein kapasitetsauke slik at ein fyller opp klassar på skular som ligg nær kvarandre og at det blir oppretta ekstra klasser på utdanningsprogram med stor oversøking. Dette gjeld mellom anna helse/oppvekst, naturbruk, teknikk/industriell produksjon og elektro. Dermed vil flest mogleg søkjarar få oppfylt sitt førsteval.

Desse utdanningsprogramma, som etter kriteriane ville blitt nedlagt fordi dei hadde for få søkarar, har i dag blitt vedtatt videreført:

- VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag, Surnadal vgs
- VG1 bygg- og anleggsfag, Sunndal vgs
- VG2 byggteknikk, Sunndal vgs
- VG1 helse og oppvekst, Tingvoll vgs
- VG2 helsearbeidar, Tingvoll vgs
- VG3 påbygg studiekompetanse, Gjermundnes vgs
- VG1 helse og oppvekst, Rauma vgs
- VG2 austomatisering, Rauma vgs
- VG1 studiespesialisering, Stranda vgs
- Vg2 kokk og servitør, Stranda vgs
- VG1 elektrofag, aut 3 årig studiekompetanse, Sykkylven vgs
- VG1 bygg og anlegg, Herøy vgs
- VG2 kokk og servitør, Herøy vgs

Fylkeskommunedirektøren føreslo før jul å legge ned 21 utdanningsprogram  i vidaregåande utdanning. Fleirtalspartia Senterpartiet, Ap, Krf, V og SV berga 13 av desse, som dermed ikkje vart lagt ned i budsjettvedtaket, og desse har altså vore søkbare for elevane. Dei tilboda som vart nedlagte var tilbod som dei siste åra har hatt få søkarar. Søkartala tyder også på at det er nok plassar til dei som har søkt kreative utdanningsprogram. Det er i år historisk godt samsvar mellom søking og fagtilbod, og det samla søkartalet viser også at det er god kapasitet og eit breitt tilbod på dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Fleirtalet vil vurdere nye fagtilbod når budsjettet for 2021 kjem opp.